Joe Esposito (fødd 22. januar 1938 i Chicago, daud 23. november 2016 i California)[1] var ein USA-amerikansk forfattar og forleggjar, som i lag med forretningspartneren Daniel Lombardy, har hatt ansvar for fleire bestseljande bøker.

Joe Esposito

Joe Esposito på scenen i 2013 under den 12. europeiske Elvisfestivalen i Bad Nauheim.
Fødd22. januar 1938
FødestadChicago
Død23. november 2016 (78 år)
DødsstadCalabasas
OpphavUSA
Verka somskribent, skodespelar

Esposito er likevel mest kjend for tilknytinga til Elvis Presley. Han møtte først Presley då han tente i militæret i 1958. Dei gjekk gjennom rekruttskulen i lag i Fort Hood i Texas, men møtte kvarandre ikkje før eit år seinare då dei begge var stasjonerte i Vest-Tyskland, der dei raskt vart vener. Esposito vart turnémanageren og livvakta til Elvis frå 1960. Esposito var ein av forlovarane til Elvis, i lag med Marty Lacker under bryllaupet hans, medan kona til Esposito, Joan, var brurjente. Då Elvis døydde i 1977 byrja Esposito å arbeide for Jerry Weintraub og vart turnémanager for artistar som Michael Jackson, The Bee Gees, Karen Carpenter og John Denver.

Publiserte bøker endre

Filmar endre

Kjelder endre

  1. Grimes, William (28. november 2016). «Joe Esposito Dies at 78; Spent 20 Years Assisting Elvis Presley». The New York Times. ISSN 0362-4331. Henta 29. november 2016. 

Bakgrunnsstoff endre