Opna hovudmenyen
Kissin' Cousins
Filmmusikkalbum av Elvis Presley
Utgjeve 2. april 1964
Innspelt Mai–September 1963
Sjanger Pop
Lengd 26:15
Selskap RCA Victor
Produsent Gene Nelson, Fred Karger
Elvis Presley-kronologi
Fun in Acapulco
(1963)
Kissin' Cousins Roustabout
(1964)


Kissin' Cousins er det 20. albumet til Elvis Presley, gjeve ut av RCA Victor i mono og stereo, LPM/LSP 2894, i april 1964. Det er filmmusikken til filmen med same namn frå 1964. Innspelinga fann stad i RCA Studio B i Nashville i Tennessee, den 26. og 27. mai, og 29. og 30. september 1963. Albumet nådde sjetteplassen på Billboard Top LP's-lista i USA.[2] Albumet selde til gullplate 27. mars 1992 i USA.[3]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

InnhaldEndra

Innspelinga for Viva Las Vegas, som kom ut seinare, men var ferdig før Kissin' Cousins, hadde blitt langt dyrare enn venta. Derfor valte manageren til Presley, Colonel Tom Parker, å flytte innspelinga til Studio B, langt borte frå Hollywood og distraksjonane der.[4] Kravet om å fylle heile filmmusikkalbum, som var blitt vanlege og tok over for EP-singlane, gjorde at dei faste låtskrivarane til Presley, byrja å gå tom for gode songar. Fem av songane vart skrivne av Giant, Baum og Kaye.[5]

Det vart spelt inn ti songar av Presley med musikarar frå The Nashville A-Team i løpet av to kveldar i september. Det vart spelt inn to versjonar av tittelsporet, ein med den vanlege røysta til Presley, og ein med ei etterlikning av ein hillbilly.[6] Den sistnemnde versjonen av «Kissin' Cousins» kom ut på singel i februar 1964, med «It Hurts Me» som B-side. Singelen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100, medan B-sida nådde 29. plassen.[7] Singelen selde til gullplate. «Anyone (Could Fall In Love With You)», som finst på albumet, vart ikkje nytta i filmen. «Pappy, Won't You Please Come Home», framført av Glenda Farrell, finst i filmen, men er ikkje med på albumet.

Som med albumet til Fun in Acapulco, vart to songar, «Echoes of Love» og «(It's a) Long Lonely Highway» av Doc Pomus og Mort Shuman, henta frå ei avlyst albuminnspeling i mai 1963 og lagt til albumet, slik at det vart 12 songar i alt. Tre songar — «Once Is Enough», «One Boy, Two Little Girls» og singelen — vart gjevne ut på samlealbumet Command Performances: The Essential 60s Masters II i 1995.[8]

MedverkandeEndra

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Kissin' Cousins (Number 2)»  Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye29. september 1963 1:16
2. «Smokey Mountain Boy»  Lenore Rosenblatt, Victor Millrose30. september 1963 2:37
3. «There's Gold in the Mountains»  Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye29. september 1963 1:54
4. «One Boy, Two Little Girls»  Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye29. september 1963 2:32
5. «Catchin' On Fast»  Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye30. september 1963 1:21
6. «Tender Feeling»  Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye29. september 1963 2:33
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Anyone (Could Fall in Love with You)» (fjerna frå filmen)Bennie Benjamin, Luchi de Jesus, Sol Marcus30. september 1963 2:29
2. «Barefoot Ballad»  Dolores Fuller, Larry Morris30. september 1963 2:26
3. «Once Is Enough»  Sid Tepper og Roy C. Bennett29. september 1963 1:55
4. «Kissin' Cousins»  Fred Wise og Randy Starr30. september 1963 2:14
5. «Echoes of Love» (bonusspor)Bob Roberts and Paddy McMains26. mai 1963 2:20
6. «(It's a) Long Lonely Highway» (bonusspor)Doc Pomus og Mort Shuman27. mai, 1963 2:38

ListerEndra

Album

År Lister Plassering
1964 Billboard Pop Albums 6
Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[9] Gull 500 000^

KjelderEndra

  1. Allmusic review
  2. «Pop Albums». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 5. oktober 2016. 
  3. «Searchable database». RIAA. Recording Industry Association of America. 2013. Henta May 15, 2013.  Merk: Søk på «Kissin' Cousins»
  4. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 186
  5. Jorgensen, op. cit., s. 186, 199.
  6. Jorgensen, op. cit., s. 185-186.
  7. Jorgensen, op. cit., s. 415.
  8. Kissin' CousinsAllmusic
  9. «American album salstrofé – Elvis Presley – Kissin' Cousins». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH