Joe Ledley

britisk fotballspelar

Joseph Christopher Ledley (fødd 21. januar 1987 i Cardiff) er ein walisisk fotballspelar, som spelar for Celtic i skotsk Premier League, og for det walisiske fotballandslaget.

Joe Ledley
Personleg informasjon
Fullt namn Joseph Christopher Ledley
Fødd 23. januar 1987
Fødestad Cardiff
Høgd 183 cm
Posisjon Midtbane, venstreving
Klubbinformasjon
Noverande lag
Celtic
Nummer 16
Ungdomsklubbar
1996-2004 Wales Cardiff
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004-10
2010-
Wales Cardiff City
Skottland Celtic
226 (26)
5 (1)
Landslag
2005-08
2005-
Wales Wales U21
Wales Wales
5 (0)
34 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 19. september 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 7. september 2010

Ledley vart kåra til årets spelar i ein walisisk klubb i 2007 og 2008. Han drog til Celtic i Skottland i 2010, etter å ha vore knytt til Cardiff City sidan 1996. Han debuterte for Wales sitt A-landslag 7. september 2005 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Polen. Han skåra det første landslagsmålet sitt 17. oktober 2007 i ein EM-kvalifiseringskamp mot San Marino. Han var landslagskaptein første gong 29. mai 2009 i ein kamp mot Estland.