Yoghurt

(Omdirigert frå Jogurt)

Yoghurt eller jogurt er eit mjølkeprodukt av høgpasteurisert mjølk som er syrna ved hjelp av bakteriekultur av Lactobacillus bulgaricus (også kalla Lactobacillus delbrueckii subspecies bulgaricus) og Streptococcus thermophilus. Namnet yoghurt kjem frå det tyrkiske ordet yoğurt eller yoġurt som tyder 'gjæra mjølk'.[1]

Ei skål yoghurt.
Yoghurt på ein supermarknad i Sarajevo
Foto: Esad Hajdarevic

Yoghurt utan tilsetningar (naturell) vert brukt som ingrediens i ei lang rekkje matrettar, som dipp, raita, tzatziki, sausar og supper, og drikkar, som ayran, lassi og tsjal/sjubat.

Yoghurtprodukt med tilsetningar av frukt, bær, sukker, vaniljearoma og andre ingrediensar blir vanlegvis laga for å etast som dei er. Yoghurt vert også seld i pakningar kombinert med kornblandingar og liknande som kan blandast til små, raske mellommåltid.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Yoghurt
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.