Johan Cordt Krohn

norsk politikar

Johan Cordt Harmens Krohn (8. mars 18413. oktober 1917) var ein optikar og stortingsmann frå Bergen. Han var medlem av partiet Venstre.

Johan Cordt Krohn
Fødd8. mars 1841
Død3. oktober 1917 (76 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Krohn var son til ein kjøpmann. Han arbeidde i ni år i eit firma som laga astronomiske og nautiske instrument. Vidareutdanna i Hamburg, Schaffhausen, Neuchatel og Paris. Slo seg ned i fødebyen som optikar i 1865.

Krohn var medlem av formannskapet i Bergen 1882-1900. Han var i fire år formann i Bergens håndverkerforening, og frå 1887 direktør i Bergens Skillingsbank. Frå 1889 til -94 representerte Krohn valkrinsen Bergen på Stortinget. Heile tida var han med i nææringskomite nr 2, sekretær i denne 1893-94.

Han døydde 1917 i Bergen.

Kjelde endre

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914