Johan E. Hareide
Johan Einarsson Hareide (26. august 1869–5. mai 1915) var ein fiskar, skipper og reiar frå Hareid.
Johan dreiv sjøen frå straks etter konfirmasjonen. I 20-årsalderen var han medeigar i ei småskøyte. Han flytta så til Ålesund og var mannskap på Palander, ei skute som Madsen-reiarlaget åtte. 23 år gammal var han skipper på storskøyta Delphin, ombygd til dampskipet Tjalken. Hausten 1897 fiska dei mykje sild, eit fiske som innleia det rike vintersildfisket på Sunnmøre dei neste tiåra. I og med at han gifta seg, flytta Johan heim til Hareid. Åra 1902-04 var han skipper på den damp-drivne stålbåten Skolma, som han og ei rad sambygdingar eigde. «Han var meir dynamisk enn dei andre reiarane... ville så gjerne gå nye vegar». Hareide fekk teikna eit linespel som fyrst var handdrive, seinare drive med stim. I februar 1905 drog han til Island som skipper på Madsen-båten Helga. Her fiska dei mykje lange ut for Vest-Island. Saman med Lars K. Garshol kontraherte han i 1906 stimbåten Islændingen frå Mjellem & Karlsen i Bergen. Hareide disponerte Islændingen, som fyrste åra deltok i lofotfisket, stasjonerte då i Ballstad. Deretter drifta Islændingen ved Vestmannaeyjar. I 1911 slutta Hareide vere skipper. Dei komande åra vart han eineeigar av Islændingen, samstundes eigde han halvparten i dei nye fiskebåtane Nordmanden og Tampen. Johan var gift med Betty Petersdotter f. Brandal (1873-1969). Åtte born voks opp i heimen deira: Einar, Peter, Ingvard, Johan, Hjørdis, Bjarne, Olav Inge og Halldis.
Kjelder
endre- Peder Måseide: Pioneren og verksemda han skapte. 1983.