Opna hovudmenyen

Einar Hareide (fødd 24. oktober 1899 i Ålesund, død 7. april 1983) var ein norsk fiskebåtreiar, organisasjonsmann, stortingsrepresentant og partiformann.

Einar Hareide
Fødd 24. oktober 1899

Ålesund

Død 7. april 1983
Parti Kristeleg Folkeparti

Han voks opp og budde på Hareid. Etter fullførd handelsgymnasium overtok han i 1920 havfiske- og handelsselskapet Johan E. Hareide A/S, som faren hadde bygd opp. Som fiskebåtreiar hadde han ansvaret for fleire selskap. Han la ned mykje arbeid i fiskeriorganisasjonane. Mellom anna var han første disponenten for Storsildlaget som vart skipa i 1927. Han var og med i Stor- og Vårsildlaget, organisasjonen for drivgarnsflåten, og som hadde tyngdepunktet sør om Stadt. Då desse to organisasjonane vart samanslegne til Sildesalgslaget, i 1940, vart Einar Hareide ordstyrar på årsmøta, det såkalla Sildetinget, til 1970. Frå 1928 var han styreformann i Sildefiskernes Fabrikklag. Han var og med i fleire andre fiskeriorganisasjonar.

Einar Hareide hadde administrative verv. Han sat i styre, og som formann i fleire næringsverksemder, dei fleste på Sunnmøre. Han hadde og verv innan kristelege organisasjonar, særleg i Norges Kristelige Ungdomsforbund og Det Norske Misjonsselskap.

Stortinget representerte han Møre og Romsdal KrF i fem periodar frå 1945 - 1965. Han sat i Sjøfarts-og Fiskerikomiteen i alle 20 åra. Han var og visepresident i Lagtinget.

Einar Hareide var formann i Kristeleg folkeparti 1955 - 67.

Han vart kommandør av St. Olavs Orden i 1965

KjelderEndra

  • Harald Kjølås: Partiformannen frå Hareid i 100 år 100 navn Personer som har preget hundreåret på nordvestlandet Sunnmørsposten Forlag 2000
  • «Einar Hareide». Stortinget.no.