Thorolf Mowinckel
Thorolf Beyer Mowinckel (27. august 1884–8. april 1963) var ein norsk kjøpmann og politikar frå Bergen. Han representerte Bergen og partiet Høgre på Stortinget 1934-36.
Thorolf Mowinckel | |||
Fødd | 27. august 1884 Bergen | ||
---|---|---|---|
Død | 8. april 1963 (78 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, forretningsdrivande | ||
Far | Johan E. Mowinckel | ||
Barn | Vibeke Falk | ||
Alle verv |
|
Han var son til kjøpmann Johan E. Mowinckel og fekk opplæring til forretningslivet gjennom pensjonsskule i London, handelsskule i Leipzig og handelslære i Hamburg. Frå 1905 arbeidde han i faren sitt firma, i lang tid som medeigar. I 1936 tok han over jobben som administrerande direktør i AS Schee, Aas & Mowinckel-Samas i Oslo. Etter 1952 var han tilsett i næringsmiddelfabrikken Joh. Lærum & Co.
Mowinckel var medlem av Bergen bystyre 1917–1922 og stortingsrepresentant frå Bergen 1934–1936. På Tinget var han medlem i Justiskomitéen. Perioden 1932-42 var han formann i Norges Colonialgrossisters Forbund.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- A/S J.E. Mowinckel : tre generasjoner - tre epoker. 2000.