Opna hovudmenyen

Johan Fredrik Eckersberg

norsk målar

Johan Fredrik Eckersberg (16. juni 182213. juli 1870) var ein norsk kunstmålar. Han er særleg kjend for sine landskapsmåleri frå høgfjellet.

Johan Fredrik Eckersberg
Johan Fredrik Eckersberg, by Knud Bergslien.jpg
Fødd 16. juni 1822
Drammen
Død

13. juli 1870
Bærum

Sjanger landskapsmåleri
Yrke kunstnar, kunstmålar, illustratør

Liv og gjerningEndra

 
Tømmerkjørsel og Mærkning
 
Fra Horgheim i Romsdal, 1857
 
Romsdalshorn, 1865
 
Folkedrakt frå Voss, 1861

Eckersberg var fødd i Drammen, der faren var kjøpmann. I yngre år lærte han seg til farens yrke. Under eit opphald i Nederland vart han for fulle kjend med målarkunsten. Han fekk si målarutdanning ved Den kgl. Tegneskole i Kristiania, under Johannes Flintoe (1843-46), og sidan ved kunstakademiet i Düsseldorf under Johann Wilhelm Schirmer (1846-48). I Düsseldorf fekk han elles rettleiing frå Hans Gude, og Eckersberg vart påverka av både denne og avdøde August Cappelen sin målarstil.

Frå 1848 busette Eckerberg seg i den norske hovudstaden. Han levde av å måle landskapsbilete og illustrere eventyr. Dessutan laga han teikningar til plansjeverk (til dømes Norge fremstillet i Tegninger og Norske Nationaldragter). 1852-54 budde han av helsegrunnar på Madeira. Året etter han kom heim fekk han trykt ei mappe med fargelitografi basert på opphaldet.

I si framstilling av det norske landskapet la Eckersberg etter kvart vekt på den klare, skarpe strek. Det koloristiske vart tona ned, og landskapa framstår som meir røyndomsnære enn tilsvarande som dei andre norske düsseldorf-målarane laga. Slik vert han ein overgangsfigur i norsk kunsthistorie mellom romantikken og realismen. Fra Valle i Setesdal er hans fyrste hovudverk, midt i 1860-åra kom Solnedgang på fjellet og Fra Jotunheimen.

Eckersberg oppretta i 1859 ein målarskule i Kristiania. Denne skulen fekk stor innverknad på norsk kunstliv dei neste tiåra. Trass i dårleg helse grunna tuberkulose, dreiv han skulen fram til sin død. Skulen vart driven vidare av mellom andre Knud Bergslien.

Eckersberg døydde i Sandvika i Akershus.

VerkEndra

  • Fra Valle i Setesdal, 1852
  • Norske Nationaldragter, 1852
  • Views in the islands of Madeira, 1855
  • Portrett av Rikard Nordraak
  • Romsdalshorn, 1865
  • Brudeferd i Hardangerfjorden, 1865 og 1866
  • Fra Jotunheimen, 1866

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Johan Fredrik Eckersberg