Johan G. Austeen
Johan Gustav Austeen (fødd 21. august 1863) var ein norsk skulemann og stortingsmann frå Brunlanes i Vestfold. Han representerte fyrst Venstre og sidan Frisinna Venstre på Stortinget.
Johan G. Austeen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. august 1863 Brunlanes kommune |
Død |
17. november 1932 (69 år) |
Yrke | politikar, landbruksskolelærer |
Språk | norsk |
Politisk parti | Venstre, Frisindede Venstre |
Austeen var son til ein gardbrukar. Han gjekk amtsskule før han åra 1887-90 gjekk landbrukshøgskulen på Ås. Dei neste fem åra var han gardsfullmektig ved landbrukshøgskulen. Sidan 1895 var han styrar av landbruksskulen i Sem i Vestfold.
Austeen var 1904-07 medlem av heradsstyret i Sem og tida 1905-07 styreformann i Vestfold skogselskap. Periodane 1906-09 og 1910-12 var han einmannskrinsen Sandeherred sin representant til Stortinget. I den fyrste bolken representerte han partiet Venstre og var medlem av justiskomiteen. Den andre valbolken var han vald inn for Frisinna Venstre og hadde sete i landbrukskomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914