Johan Garmann

Johan Garmann (11. juli 17804. februar 1815) var ein norsk prest og stortingsmann.

Johan Garmann
Fødd 11. juli 1780
Talvik
Død

4. februar 1815 (34 år)

Yrke prest, politikar

Garmann var fødd i Talvik, der far hans var prest. Sjølv vart han student frå Trondhjems skole i 1797, cand. theol. i 1801. Han var så lærar ved realskulen i Trondheim, og sidan ved katedralskulen. Frå 1806 var han residerande kapellan i Orkdal, der han mellom anna lærde opp ungdomar slik at dei kunne vere skulehaldarar.

I 1814 var Garmann 4. representant for Søndre Trondhjems amt på det overordentlege storting i 1814. Same året vart han utnemnd til sokneprest i Byneset, eit embete han ikkje tok over. Døydde allereie vinteren 1815.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

BakgrunnsstoffEndra