Johan H. Andresen

Johan Henrik Andresen (25. mars 18154. juni 1874) var ein norsk kjøpmann og politikar frå Kristiania. Han var son til Nicolai Andresen og bror til Carl Ferdinand Andresen.

Johan H. Andresen
JohanHenrikAndresen-1815-1874OB.F03355A (cropped).jpg
Fødd 25. mars 1815
Christiania
Død

4. juni 1874 (59 år)

Yrke forretningsdrivande, politikar

Etter skuleår på Møller institutt i Christiania arbeidde han på handelskontor i utlandet. Deretter var han handelsagent i hovudstaden, frå 1846 eigde han Tiedemanns Tobaksfabrik og dreiv ei engrosforretning i kolonialvarer.

I 1861 valde kongen Andresen til styremedlem i hypotekbanken. Han var i 1861 medlem av kommisjonen om konkurslova, 1872 av både den skandinaviske myntkommisjonen og av kommisjonen om pengestellet i Noreg.

Andresen var 1856-63 medlem av formannskapet i Christiania, og sidan av bystyret. Han var 4. representant til Stortinget frå valkrinsen Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger i stortingssesjonen 1874, der han var medlem av tollkomiteen. Andresen døydde før sesjonen var over.

KjelderEndra