Johan Horn

norsk politikar

Johan Olivarius Horn (7. august 181014. mars 1896) var ein norsk skulemann, tollar og politikar frå Kongsberg.

Johan Horn

Fødd7. august 1810
Kongsberg kommune
Død14. mars 1896 (85 år)
Statsborgar avNoreg
Yrketollar, politikar, lærar, redaktør
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1845–1847)
  • vararepresentant til Stortinget (1848–1850)
  • vararepresentant til Stortinget (1851–1853)
  • vararepresentant til Stortinget (1857–1858)
  • stortingsrepresentant (1859–1861)
  • ordførar i Molde (1847–1847)
  • ordførar i Molde (1849–1850)
  • ordførar i Molde (1855–1855)
  • ordførar i Molde (1857–1857) Sjå dette på Wikidata

Horn var son til ein kjøpmann. Han vart student i 1828 og tok cand.mag.-graden i 1836. Frå 1834 arbeidde han som adjunkt ved Kongsberg middelskole. I 1840 flytta han til Molde, der han var styrar av middelskulen i byen. Han var fyrste redaktør i avisa Romsdals Budstikke frå 1843 til 1846.[1] Sidan var han tollkasserar 1859-68 i Risør og 1868-90 i Moss. I Moss var han ei tid ordførar for bystyret, og «sparebankdirektør».

Horn representerte Kristiansund og Molde på Stortinget 1845, då han var sekretær i Kyrkjekomite nr 2. Han møtte på Omframtstortinget 1858 som varamann frå valkrinsen Ålesund og Molde. Til Stortinget 1859-60 var han vald representant frå Molde, medlem i Tollkomiteen.

Kjelder endre

  1. Romsdals Budstikke (18. september 2019) i snl.no.