Johan Kirksæter

norsk politikar

Johan Kirksæter (fødd 16. januar 1857) var ein norsk urmakar, emissær og stortingsmann frå Hemne i Sør-Trøndelag.

Johan Kirksæter

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. januar 1857
Kyrksæterøra
Død

10. juli 1920 (63 år)
Trondheim

Yrke politikar, urmakar, emissær
Språk norsk
Politisk parti Venstre
Medlem av IOGT i Norge, Det Norske Totalavholdsselskap

Kirksæter var son til ein gardbrukar og urmakar. Han tok eksamen ved underoffiserskulen i Trondheim i 1877 og var underoffiser i fleire år. Perioden 1884-1900 var han urmakar i Trondheim. I 1904 vart han emissær for godtemplarordenen. Deretter var han såkalla storsekretær og forretningsførar for same frå 1909, etter to år gjekk han tilbake til arbeidet som emissær for ordenen.

Kirksæter var 4. representant til Stortinget frå Trondheim og Levanger 1900-03, medlem av næringskomite nr 2. Han representerte Venstre. Valbolken 1906-09 møtte han i 1908 tida 11. januar-20. mars og frå 8. august for Magnus Halvorsen, medlem av næringskomite nr 1. Kirksæter var elles medlem av formannskapet i Trondheim by 1898-1902 og 1904-??

Kjelder endre