Johan Lothe

norsk politikar

Johan Lothe (11. april 185529. august 1932) var ein norsk apotekar, forretningsmann og stortingsmann frå Bergen. Han representerte valkrinsen Kalfaret og Høgre-partiet på Stortinget 1910-12.

Johan Lothe
Fødd11. april 1855
Død29. august 1932 (77 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Lothe var son til ein apotekar, tok eksamen i farmasi i 1876. I 1882 tok han over som eigar av Svaneapoteket i Bergen etter far sin, dreiv dette sidan. Lokalt var han medlem av bystyret og formannskapet i byen, og medlem i hovudkomiteen i Bergen «for motarbeidelse av omstreifervæsenet». Særleg vert han hugsa i Bergen som preses i Bergens Museum, som då han i 1915 gjorde opptaket i å utvikle museet til ein kunnskapsinstitusjon.

Lothe var fyrste varamann til Stortinget 1903-06, møtte i 1903 frå 2. november. Møtte også i 1905-sesjonen frå 18. mars og i 1905-06-sesjonen. I 1903 var han medlem i Næringskomite nr 1, i 1905-06 i Valkomiteen. Hausten 1909 vart han vald til stortingsmann for einmannskrinsen Kalfaret. Perioden 1901-12 var han nestformann i Budsjettkomiteen.

Kjelder endre