Johan M. Nyland
Johan M. Nyland (6. oktober 1931–13. april 2007) var ein norsk arbeidar og politikar frå Østre Toten. Han var fylkesvaraordførar i Oppland 1976-87 og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og Oppland i tida 1985-97.
Johan M. Nyland | |||
Fødd | 6. oktober 1931 | ||
---|---|---|---|
Død | 13. april 2007 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Nyland var son til ein bakar. Etter å ha gått bygningslinja på ein yrkesskule i 1946/47, vart han tilsett som læregut ved Mustad-fabrikken på Gjøvik. Ved Mustad vart han engasjert i fagforeiningsarbeid, og i perioden 1964-68 var han nestformann i Brusveen jern og metall. Nyland arbeidde i Mustad-konsernet til han i 1985 vart vald inn på Stortinget.
24 år gammal vart Nyland vald inn i kommunestyret i heimbygda Østre Toten. Han var medlem av kommunestyret i 20 år til 1975, dei siste fire åra var han varaordførar i kommunen. Deretter var Nyland fylkestingsrepresentant i Oppland i tolv år, alle desse åra 1976-87 var han varaordførar i fylket.
Ved stortingsvalet hausten 1985 fekk Nyland fast stortingsplass frå Oppland. På Stortinget var han dei neste tolv åra medlem av Samferdselskomiteen. Mest kjend var han for sitt engasjement i jarnbanepolitikken. Som totning og representant for Oppland var han særleg oppteken av Gjøvikbanen, men han var også ein av forkjemparane for bygging av Gardermobanen.