Johan Martens

Johan Martens (20. november 186119. desember 1932) var ein norsk meklar og idrettsleiar frå Bergen. Martens var i mange år ein mektig mann i Bergen, både som skipsmeklar og i næringslivet elles, og i politikken og frimureriet. Særleg varige spor sette han likevel gjennom sin pionerinnsats som idrettsorganisator i Noreg.

Johan Martens
Fødd20. november 1861
Død19. desember 1932 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Liv og gjerningEndra

Martens sine interesser var mangfaldige, og med stor entusiasme engasjerte han seg i ei rad saker til beste for heimbyen og idretten. Etter handelsskule og eitt års vidareutdanning i Storbritannia gjekk han i 1890 inn i faren sitt skipsmeklarfirma, medeigar i 1900 og eineeigar då faren døydde to år etter. I tillegg dreiv han assuranseforretning og var frå 1900 autorisert translatør i engelsk. Han var i si tid med å stifte både Bergen Skipsmeglerforening og Norges Skipsmeglerforbund, leiar av begge organisasjonane i årevis. I politikken representerte Martens partiet Venstre i Bergen bystyre 1899–1901, 1908–10 og 1926–28.

Martens var òg med stifte Bergens Turnforening i 1882. Han var så formann i Bergen Turn til 1888 og på ny 1892–97. Også i Bergen Roklubb gjorde han ein pionerinnsats som formann 1887–95. I 1890 tok han del då det fyrste særforbundet i norsk idrett, Norges Gymnastikk- og Turnforbund, vart skipa. Sidan var han 1899–1911 president i NGTF. År 1910 tok han initiativet til danninga av Norges Riksforbund for idræt og var president i forbundet fram til 1914.

Martens vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1907 for sin innsats for idretten. Turnforbundet utnemnde han til heidersmedlem i 1914 og tildelte han forbundet si gullmedalje. Martens var «et hjertemenneske med gode intensjoner, og like harmonisk i aktiv utøvelse som ivaretagelse av de representative oppgaver som ble betrodd ham».

KjelderEndra