Johan O. Asmundvaag
Johan Olaus Olsson Asmundvaag (9. april 1880–21. august 1946) var ein norsk gardbrukar, bankkasserar og Høgre-politikar frå Hitra. Han var ordførar i Hitra i til saman seks år og stortingsrepresentant i tre periodar frå 1931 til 1945.
Johan O. Asmundvaag | |||
| |||
Fødd | 9. april 1880 Hitra kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 21. august 1946 (66 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, bonde, bankkasserar, lensmann | ||
Alle verv |
|
Asmundvaag var son til ein gardbrukar og tok i 1901 eksamen ved underoffisersskulen i Trondheim. I 1904 tok han over garden Hofstad i Hitra og var frå 1906 også kasserar i Hitra Sparebank. Samstundes deltok han i militærstellet, fyrst som sersjant frå 1908 og løytnant frå 1930. Frå 1938 var han lensmann i Hitra og Kvenvær til han døydde.
Asmundvaag var i fleire periodar medlem av heradsstyret i Hitra, ordførar 1913–16 og 1922–25, samt varaordførar 1931–34. Elles hadde han ei mengd offentlege verv, så som overformyndar i 24 år, formann i fattigstyret, overlikningsnemnda, verjerådet, soknerådet, krinssjukekassa, medlem i skulestyret, forliksrådet og utskiftingsmann,
Frå 1931 til 1945 var Asmundvaag stortingsmann frå landkrinsane i Sør-Trøndelag. Han var 1931-36 medlem i Post-, telegraf- og kystfartskomiteen og 1937-45 medlem i Veg- og jarnbanekomiteen.
Kjelder
endre- Biografisk informasjon om Johan O. Asmundvaag NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv