Johan Oscar Smith
grunnleggjar av Brunstad Christian Church
(Omdirigert frå Johan O. Smith)
Johan Oscar Smith (11. oktober 1871–1. mai 1943) var ein norsk militær- og kyrkjelydsleiar, mest kjend som grunnleggaren av den frikyrkjelege kyrkjelyden Smiths venner.
Johan Oscar Smith | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. oktober 1871 Fredrikstad |
Død |
1. mai 1943 (71 år) |
Yrke | forkynnar, militær, skribent |
Språk | norsk |
Religion | kristendom |
Far | Christian Smith |
Johan Oscar Smith på Commons |
Smith blei fødd i Fredrikstad i 1871 og voks opp i ein kristen heim. Seinare flytta han til Horten. Deretter verva han seg i marinen som 17-åring, og tenestegjorde der i nesten 40 år. 26 år gammal, i 1898, omvende han seg til Gud og kom fram til den forståinga som er grunnlaget for Smiths venner sin doktrine i dag. Seinare danna han ein kyrkjelyd, blant anna saman med sin bror Aksel Smith, som då var tannlege, og Elias Aslaksen. Aslaksen blei den leiande personen i kyrkjelyden etter at Johan Oscar Smith døydde i 1943.
Bibliografi
endre- Johan O. Smiths etterlatte brev – ei samling av brev skrive av Johan O. Smith. Skjulte Skatters Forlag. ISBN 82-992592-1-5
- Hva vi tror[daud lenkje], traktat skrive av Johan O. Smith
- Satan i Guds menighet[daud lenkje], traktat skrive av Johan O. Smith
Bakgrunnsstoff
endre- Biografisk framstilling over Johan Oscar Smith Arkivert 2007-02-04 ved Wayback Machine. skriven av Kjell Arne Bratli (bokmål)
- Seilas mot Himmelens Kyst – biografi om Johan O. Smith skriven av Kjell Arne Bratli. Skjulte Skatters Forlag ISBN 82-91305-32-3