Daniel Rickardsson

svensk langrennsløper

Jan Olof Daniel Rickardsson (fødd 15. mars 1982) er ein svensk langrennar frå Iggesund i Gävleborgs län. Han har i tida 2010-17 vunne to OL-gull i 4 x 10 km stafett med Sverige og til saman sju medaljar i verdsmeisterskap og olympiske leikar.

Daniel Rickardsson
Richardsson Daniel Tour de Ski 2010.jpg
Fødd 15. mars 1982
Hudiksvall
Yrke langrennsløpar
Daniel Rickardsson på Commons

Rickardsson vart olympisk meister under Vinter-OL 2010 i Vancouver. Han gjekk den fyrste etappen på det svenske laget som vann 4 x 10 km stafett framom Noreg og Tsjekkia. Dei andre på laget var Johan Olsson, Anders Södergren og Marcus Hellner. Stafettlaget vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje (Bragdguldet) for 2010. Både ved Ski-VM 2011 i Oslo og Ski-VM 2013 i Val di Fiemme deltok Rickardsson på Sveriges sølvlag i 4 x 10 km stafett.

Daniel Rickardsson i 2014.

Under dei olympiske vinterleikane 2014 i Sotsji vann Rickardsson sitt andre OL-gull då han gjekk andre etappen på Sverige sitt vinnarlag i 4 x 10 km stafett. Lars Nelson, Johan Olsson og Marcus Hellner tok seg av dei andre etappane. I Sotsji vann Rickardsson også ein individuell medalje etter å ha vorte tredjemann på 15 km. Den 8. mars 2014 vann Richardsson femmila i Holmenkollen, hans tredje siger i verdscupen i langrenn og aller største individuelle triumf.

I Ski-VM 2015 i Falun fekk Rickardsson sitt tredje stafettsølv på 4 x 10 km stafett, medan det ved Ski-VM 2017 i Lahti vart bronse på Rickardsson og Sverige i same øvinga.

KjelderEndra