Johann Mühlegg (fødd 8. november 1970) er ein tysk-spansk tidlegare langrennsløpar, fødd i Marktobendorf i Allgäu i Bayern. Han er særleg kjend for sine suverene prestasjonar under vinterleikane 2002 i Salt Lake City, og den etterfylgjande dopingsaka som enda med at han var fråteken alle OL-medaljane.

Johann Mühlegg


Statsborgarskap Spania, Tyskland
Fødd 8. november 1970 (53 år)
Marktoberdorf
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 2001

Aktiv endre

Mühlegg representerte Tyskland i dei store meisterskapane frå 1991 til 1999. Allereie i 1993 kom han i strid med det tyske skiforbundet, ein strid som enda med at forbundet i 1998 stengde han ute frå landslaget for godt.

Eit godt tilhøve til det spanske skilandslaget fekk Mühlegg til å søke om spansk statsborgarskap, og i 1999 vart han spansk statsborgar og tevla sidan for Spania. Han vann sitt fyrste renn i verdscupen den 10. desember 1999 i italienske Sappada. Seinare i sesongen vann han ein 30 km ved Moskva, og det 72 km lange turrennet i franske Lamoura Mouthe. Desse tre sigrane, samt tre andreplassar i verdscuprenn, gjorde at han vann verdscupen i langrenn 2000.

Under Ski-VM 2001 i Lahti tok Mühlegg sølvmedaljen på 20 km jaktstart, før han vann ein suveren siger på 50-kilometeren.

Under OL 2002 vann Mühlegg både 30 km og 10 km jaktstart. Han fekk bestetid på femmila, arrangert siste OL-dagen, men vart diskvalifisert frå løpet etter at han testa positivt på darbepoetin, eit legemiddel som aukar talet raude blodlekam; stoffet stod den gong ikkje på forbodslista fordi det var utvikla nyss.

Etter dopingfunnet vedtok Den internasjonale olympiske komitéen (IOK) at Mühlegg skulle få behalde gullmedaljane frå dei to fyrste OL-tevlingane. Men i desember 2003 vedtok Idrettens voldgiftsnemnd at også dei medaljane skulle takast tilbake.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • 1991: Nr 15 på 15 km
  • 1992: Nr 7 på 50 km
  • 1993: Nr 6 på 50 km
  • 1994: Br 8 på jaktstarten, nr 9 på tremila
  • 1995: Nr 13 på jaktstarten
  • 1997: Nr 6 på 30 km
  • 1998: Nr 7 på 50 km
  • 2001: Gullmedalje på 50 km, sølv på jaktstart, nr 8 på 15 km
  • 2002: Diskvalifisert frå tre gullmedaljar

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre