Johanne Kolstad, i Amerika kjent som Johanna Kolstad, (25. februar 19135. september 1997) var ei norsk idrettskvinne frå Øvre Nordsinni ved Dokka i Nordre Land. Johanne Kolstad var ein av få kvinnelege skihopparar som var aktiv på 1930-talet. Til saman sette ho fire uoffisielle og ein offisiell verdsrekord i skihopping for kvinner.

Johanne Kolstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. februar 1913
Nordre Land kommune
Død

5. september 1997 (84 år)
Vang kommune

Yrke skihoppar

«Her skal det ikke være noe sirkus, kvinnelik skal ikke dras ut av hoppbakken!»

Formann Finn Quale om avslaget då Skiforeningen i 1931 vart beden om å sleppe kvinner til i Holmenkollen

Tidleg hevda Johanne Kolstad og venninna Hilda «Nusse» Braskerud seg godt mot gutane, men dei vart nekta å delta i renn på lik line med gutane, og måtte i staden nøye seg med å opne renn eller hoppe mellom gutanes/mennenes to omgangar. Sin første verdsrekord sette Johanne Kolstad i 1931, då ho hoppa 31 meter.[1] Denne rekorden betra ho to gonger same året.

Vinter-OL 1932 i Lake Placid sette fart i amerikanarane si interesse for vintersport, ikkje minst skihopping. Dei neste åra vart det bygd fleire hoppbakkar i USA, og det vart arrangert ei rekke populære oppvisingsrenn. Johanne Kolstad vart i 1933 invitert av Norge Ski Club i USA, og turnerte over heile Nord-Amerika i heile 5 år. Kolstad vart særs populær, og vart mellom anna kalla The Queen of Skis og The Wonder Girl. Sportsleg og karrieremessig nådde ho høgdepunktet den 6. mars 1938. Då sette ho sin femte og einaste offisielle verdsrekord med 72 meter[2] i Berlin, New Hampshire, USA. Denne rekorden vart ståande i 35 år fram til Anita Wold nådde 73 meter i 1973.

Odnesbakken i 1928, der Johanne Kolstad sette verdsrekord i 1931

Uoffisielle verdsrekordar:[3]

  • 31 meter[1]Nokre kjelder oppgir 32 meter</ref>, jan./feb. 1931, Midtstubakken i Oslo
  • 40 meter, 8. februar 1931, Nydalsbakken i Oslo
  • 46,5 meter, 1931, Odnesbakken i Søndre Land
  • 62 meter, 1932, Trondheim
  • 72 meter,[2] 6. mars 1938, Nansen Ski Jump i Berlin, New Hampshire, USA

Litteratur endre

  • Karin Berg: Hopp, jenter, hopp!: Historien om Johanne Kolstad og Hilda Braskerud - et annerledes skieventyr. Schibsted, Oslo 1998. ISBN 82-516-1720-0
  • Bråten, Ole Aastad og Knut Aastad: Ei dronning på ski - Johanne Kolstad (1913-1997). Syn og Segn 4/2008.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Somme kjelder seier 32 meter
  2. 2,0 2,1 Somme kjelder seier 71,5 meter
  3. Skisprungschanzen-Archiv: Die Geschichte des Frauenskispringens

Bakgrunnsstoff endre