Skiforeninga
Foreningen til Ski-Idrettens Fremme, til vanleg kalla Skiforeninga eller Skiforeningen, er ein av dei største og eldste friluftsorganisasjonane i Noreg. Ved stiftinga i 1883 var hovudintensjonen å arbeide for «utbredelse av skiidrett og annet friluftsliv, samt å arrangere Holmenkollrenn».
Eit aktivt ansvar for tilrettelegging, bruk og vern av Oslomarka, er sentralt i foreiningas drift. I tillegg har foreininga fått andre og viktige oppgåver, og spesielt er arrangementet av Holmenkollrenna sterkt utvida sidan starten. I Holmenkollen er det no òg sommararrangement. Foreininga eig og driv Skimuseet og har forvaltaransvaret for Noregs mest besøkte turistmål, Holmenkollanlegget.
Skiforeninga har rundt 60 000 medlemmar (2011). Leiar er Ole Fr. Anker-Rasch (2011).
Historie
endreVed stiftinga i 1883 var skiløping ein relativ ny konkurranseidrett, og målet til foreininga var å spreie bodskapen om bruk av ski til meir enn eit praktisk transportmiddel, drive opplæring av teknikkar og å vere sentral i å skape ein arena for samankomst i venleg kappestrid.
Utover 1890-talet heldt foreininga møte for turløparar i marka og på fjellet. Det var behov for råd om utstyr, klede og smurning. Skigåing var på denne tida blitt trendy. Skiturar på fjellet vart populært og etterspurnaden etter overnattingsstader auka. Skiforeninga opna einskilte hytter i Jotunheimen til jul og påske rundt førre hundreårsskiftet. Den norske Turistforening opna si første hytte i 1907.
Stover og hytter
endreI 1926 vart Kikutstua bygd på Kikut i Nordmarka, ein serverings- og overnattingsstad eigd av Skiforeninga og drive av eit styrarpar. Skiforeninga eig eller driv ei rekke stover.
- Krokskogen
- Greinehytta, drive av Bærums Verk Rotaryklubb,
- Heggelia, drive av Skiforeninga
- Løvlia, drive av eit styrarpar.
- Vestmarka
- Mikkelsbonn, drive av Lionsklubbar i Bærum, Bærum kommune og Skiforeninga
- Bærumsmarka
- Vensåsseter, drive av Skiforeninga og Bærum Hundekjørerklubb
- Søndre del av Nordmarka
- Kikutstua, drive av et styrarpar
- Nordre del av Nordmarka
- Gørjahytta, drive av OFA-laget (Oslomarkas Fiskeadministrasjon)
- Sandvikshytta, drive av ein styrar
- Østmarka
- Skullerudstua drive av eit styrarpar
- Vangen, drive av eit styrarpar
Holmenkollmedaljen
endreSidan 1895 har Skiforeninga delt ut Holmenkollmedaljen, som er rekna som den høgste utmerkinga innan norsk skisport.
Bakgrunnsstoff
endreKjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Skiforeninga» frå Wikipedia på bokmål, den 12. mai 2013.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |