Johannes Aarflot

norsk politikar

Johannes Amundsson Aarflot (29. oktober 18243. november 1891) var ein norsk bokhandlar og stortingsmann. Han var fødd på garden Årflot i Ørsta, Berte Kanutte Aarflot var mor hans.

Johannes Aarflot
Fødd29. oktober 1824
Ørsta kommune
Død3. november 1891 (67 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bokhandlar
MorBerte Kanutte Aarflot
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1868–1870)
  • ordførar i Ålesund (1864–1864)
  • ordførar i Ålesund (1876–1881)
  • ordførar i Ålesund (1883–1891)
  • stortingsrepresentant (1871–1873)
  • vararepresentant til Stortinget (1874–1876)
  • vararepresentant til Stortinget (1880–1882)
  • vararepresentant til Stortinget (1883–1885)
  • stortingsrepresentant (1889–1891) Sjå dette på Wikidata

Frå 1841 var Aarflot tilsett ved ein bokhandel i Ålesund. I 1860 opna han eigen bokhandel i byen, Aarflots Bokhandel, ei verksemd som framleis er i drift (2010).

Aarflot var stortingsmann for Ålesund og Molde i 1868-69, 1871-73, og i 1881 då han frå 9. juni møtte som varamann for Ferdinand Roll. Stortingsmann på ny 1889-91. 1868-69 var han medlem av kyrkjekomite nr 2, 1871-73 av kyrkjekomiteen, samt Lagtinget. I 1881 var han medlem av næringskomite nr 2, medan han 1889-91 var medlem av gasje- og pensjonskomiteen, og av Lagtinget. Han representerte då partiet Høgre.

Han var medlem av bystyret i Ålesund frå 1861, ordførar i byen 1864, 1876-81 og 1883-91. Forlikskommissær frå 1870.

Aarflot var medlem av kommisjonen om «almueskolerne i byerne» av 1871.

Kjelder

endre