Opna hovudmenyen

Årflot er ein matrikkelgard i Ørsta kommune. Garden ligg på sørsida av Åmdalen, den nedste i dalen. Han ligg litt fram om åmotet mellom Åmdalselva og Follestaddalselva. Årflot grensar mot matrikkelgardane Åmbø, Ytre-Åm og Haugen, samt mot Sporstøyl i Melsbygda. Til Sporstøyl er 2 km og ubygt. Melsbygdvegen går frå Sporstøyl over Årflot til Ytre-Åm. Matrikkelgarden har gardsnummer 43 i Ørsta.

Årflot er ein fåbølt gard, føre 1872 var garden delt i to bruk. Garden låg lenge folketom etter Svartedauen, fyrst mellom 1603 og 1610 kom det bufaste folk. I mellomtida vart jorda nytta til seterstøl, derav namnet Støylen, som Årflot vart kalla til dagleg på 17-1800-talet.

Folketal:Endra

  • 1801: 10 personar (2 heimar)
  • 1865: 26 personar (4 heimar)
  • 1900: 17 personar (3 heimar)

Kjende namneberararEndra