Johannes Bayer

tysk astronom

Johannes Bayer (15727. mars 1625) var ein tysk jurist og astronom. Han utarbeidde det første større himmelatlaset Uranometria i 1603. Atlaset, som er på 51 blad, omfattar nærare 2 000 stjerner, der 1 000 stammar frå observasjonane til Tyge Brahe. Stjernekarta over den sørlege halvkula fekk han frå nederlandske sjøfolk. Bayer kunne føye til 12 nye stjernebilete til dei 48 som var namnsette den gongen.

Johann Bayer

Fødd1572
Rain
Død7. mars 1625
Augsburg
NasjonalitetTyske
OmrådeRettsvitskap, astronomi
Yrkeastronom, advokat
Alma materUniversitetet i Ingolstadt
Kjend forUranometria
Stjernebiletet Orion i Bayer sitt Uranometria.

I Uranometria namngav han stjernene i eit stjernebilete etter fallende lysstyrke med greske bokstavar etterfølgd av genitivsforma av namnet på stjernebilete. Stjerna Vega i stjernebiletet Lyren heiter ved slik namnsetting α Lyrae.

Kjelder endre