Johannes Gjetmundsen

stortingsrepresentant

Johannes Gjetmundsen (4. mars 186026. mars 1924) var ein norsk gardbrukar, fiskar og stortingsmann fødd i Hafslo i Sogn. Han var medlem av Venstre.

Johannes Gjetmundsen
Fødd4. mars 1860
Hafslo
Død26. mars 1924 (64 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkefiskar, bonde, politikar

Gjetmundsen kom til verda på ein husmannsplass i Sogn. Foreldra hans flytta kringom 1862 til Talvik i Finnmark og vart gardbrukarar der. Gjetmundsen gjekk amtsskulen i Finnmark 1876-77. Sidan var han fiskar og frå 1885 også brukar av garden Kviby i Talvik. I sine seinare år var han heradskasserar i Talvik.

Gjetmundsen var medlem av heradsstyret i Talvik frå 1892 og nokre år framover. Han var formann i skulestyret 1899-1905 og fattigstyret 1909-12. Valbolken 1913-15 representerte han einmannskrinsen Vest-Finnmarken på Stortinget og var medlem næringskomite nr 2.

KjelderEndra