Johannes Kummeneje

Johannes Hansen Kummeneje (7. oktober 185719. mai 1937) var ein lærar, lensmann og Venstre-politikar frå Skjåk, som representerte FinnmarkStortinget 1919-24.

Han var fødd på ein husmannsplass i Skjåk. Foreldra var ugifte og av husmannsætt. Sjølv voks han opp på ein annan husmannsplass, Kummestugu eller Kummeneie, saman med mor si og anna slekt.

Etter allmugeskulen gjekk Kummeneje to år på den høgre allmennskulen i Vågå. Der etter nytta han seg av ordninga som var blitt innført med fri lærarutdanning ved seminaret i Tromsø, dersom ein lærte seg samisk og tok pliktår som lærar i Finnmark.

Kummeneje tok eksamen ved seminaret i 1877 og var dei neste ni åra lærar i Talvik i Finnmark. I 1886 tok han over lensmannstillinga i Talvik og vart verande lensmann i 39 år til 1925. I den same perioden frå 1886 dreiv han gardsbruket Klokkerstad. Perioden 1884-94 var han i tillegg heradskasserar.

Kummeneje var heradsstyremedlem i Talvik frå 1883 til 1919, og hadde attåt fleire andre offentlege tillitsverv. Perioden 1919-21 var han stortingsrepresentant frå einmannskrinsen Vestfinmarken, vald for partiet Venstre. Den etterfylgjande tingbolken, 1922-24, var han fyrste varamann frå Finnmark fylke, møtte meste tida av bolken. På Stortinget var han medlem i Kyrkje- og skulekomiteen og sidan Næringskomiteen.

Kjelder endre

lokalhistoriewiki