Johannes Ording
Johannes Ording (19. januar 1869–25. januar 1929) var ein norsk teolog frå Drammen.
Johannes Ording | |
![]() | |
Fødd | 19. januar 1869 Drammen kommune |
Død |
25. januar 1929 (60 år) |
Yrke | prest, teolog, professor |
Han vart cand. theol. 1893, universitetsstipendiat 1903 og var professor i systematisk teologi 1906–26. I 1894–1900 var han kapellan ved Johanneskirken i Kristiania. Ording var omstridd som liberal teolog. Då han vart tilsett som professor i statsråd 27. januar 1906, gjekk kyrkjeminister Christian Knudsen av, og den konservative professoren Sigurd Odland sa frå seg stillinga si i protest.
SkrifterEndra
- Den religiøse erkjendelse, dens art og vished (1903)
- Den kirkelige bekjendelse (1904)
- Gammel og moderne kristendomsopfatning (1906)
- Den kristelige tro (1915)
- Teologien (1920)
- Kristelig etik (1927)
BakgrunnsstoffEndra
- Kort biografi ved Det teologiske fakultet, UiO Arkivert 2007-06-10 ved Wayback Machine.