Johannes Senn

sveitsisk målar

Johan Heinrich Senn (17. september 178029. mai 1861)[1][2][3] var ein sveitsisk målar, teiknar og koparstikkar frå Liestal. Han er også kjend under namnet Johannes Senn, og måla ei rad motiv frå Noreg og Danmark.

Johannes Senn
Statsborgarskap Sveits
Fødd 17. september 1780
Liestal
Død

29. mai 1861 (80 år)
Liestal

Yrke kunstmålar, gravør, illustratør
Sjanger portrett
Johannes Senn på Commons
Koparstikk av ein «Spekhöker - Käsehöker» frå boka Klædedragter i København.

Senn studerte ved Kunstakademiet i København 1805 og vart buande i Danmark til 1818, då han reiste heim til Sveits. Saman med den unge Christoffer Wilhelm Eckersberg leverte han teikningar til Gerhard Ludvig Lahde som ble stukke i kopar og tidvis kolorert. Koparstikkserien Danske Klædedragter (frå og med 1808) viste figurar, draktar og uniformer som alle kunne bli sett i dagleg bruk utanfor København. Ein større koparstikkserie, Norske nationale Klædedragter (1812–1815), på i alt 74 blad, kan tyda på at Senn har reist rundt i Noreg.

Arbeida hans har i dag større kulturhistorisk enn eigentleg kunsthistorisk interesse, spesielt skildringane av kvardagsscener og dei detaljerte bileta i Klædedragter i København, 37 blad (1806-08 og 1820); Danske klædedragter, 30 blad (1808-12) og Norske nationale klædedragter, 74 blad (1812-15).

Kjelder endre

  1. «Biografi» ved F. Beckett i 1. utgave av Dansk biografisk leksikon, utgitt av C. F. Bricka, 15. bind, side 543, Gyldendal, 1887-1905. DBL har andre opplysingar om leveår: 1770-1830
  2. Jürgensen, Sophus. «I. C. Dahl og Johannes Senn». Samleren, 1931
  3. Baltzer M. Børsum. «Johannes Senn og folkedraktene. Etterord». Senn, Johannes (1969). Norske nationale Klædedragter: efter en Samling af Originaltegninger tilhørende Hs. Exell. Hr. Geheime-Conferentsraad Gebhard Greve af Moltke. Børsums antikvariat. 

Bakgrunnsstoff endre