John Bunyan (28. november 162831. august 1688) var ein engelsk kristen forfattar og lekmannspredikant. Bunyan skreiv fleire inderleg fromme kristne bøker, rundt 60 til saman, men er særleg hugsa for den evangeliske fabelen om kristenlivet En pilegrims vandring (The Pilgrim's Progress), som for ei tid skal ha vore ei av dei mest lesne bøkene etter Bibelen. Handlinga skildrar møtet til eit menneske med evangeliet: ein pilegrim ber ei tung byrd av synder, men får henne lempa av ryggen etter møtet med Jesus, og livet hans får ei ny meining på vegen mot den himmelske byen.

John Bunyan

Statsborgarskap Kongeriket England
Fødd 28. november 1628
Elstow
Død

31. august 1688 (59 år)
London

Yrke teolog, skribent, predikant, romanforfattar, kjelepinker
Språk engelsk
Sjanger allegori
Religion Baptisme
Ektefelle first wife of John Bunyan, Elizabeth Bunyan
Signatur
John Bunyan på Commons

Liv og virke endre

 
Bunyan i fengsel. Teikning frå The Baptist Encyclopaedia (1881).

Bunyan kom frå audmjuke kår. Faren var kjeleflikkar, og etter at sonen hadde gått ei tid på latinskole i Bedford, blei han òg lærling som kjeleflikkar. Etter at mora døydde i 1644 var han med i parlamentshæren under den engelske borgarkrigen. Sjølv om han truleg ikkje var direkte involvert i krigshandlingar, fekk han sannsynlegvis erfaring med kor grusam krig kunne vera. Rundt 1648 gifta han seg og livnærte seg som kjeleflikkar. Dei følgjande åra gjekk han gjennom ei religiøs krise, og då kona hans døydde ein gong rundt 1656 byrja han vandra rundt som predikant.

Den fyrste kona hans var like fattig som han sjølv, men ho etterlet seg to oppbyggeljege bøkene etter far sin, 'Vegen for den jamne mann til himmelen' og 'Fromheitas utøvingar'.[1] Det vitna han om i ei seinare bok, Grace Abounding to the Chief of Sinners ('Overflod av nåde for den største syndaren', 1666). Predikanttida hans førte til slutt til at han blei arrestert i 1660 og sat fengsla i tolv år. I denne tida skreiv han ni bøker. Til sist blei han lauslaten då Karl II av England utforma ei ny forordning om religionsfridom i 1672, og han kom ut av fengselet som folkehelt. Etterpå heldt han fram verksemda si som lekpredikant, særleg i og rundt London. På ei reise til London i 1688 blei han forkjølt og døydde, 60 år gammal.[1]

Sjølv om Bunyan blei ikkjekonformist og medlem av ei uavhengig baptistkyrkje, skildra han seg sjølv som berre ein kristen. Han levde i ei tid utan toleranse for religiøse rørsler utanfor den engelske kyrkja. Ein av dei første baptistprestane lei martyrdøden, andre som Thomas Helwys døydde etter få år i hardt fengselsopphald under Karl I. Først under Karl II kom ein ny lov i 1672 som gav Bunyan høve til å forkynna utan nye fengselsstraffer. Med ein ny felleskristen tidsalder er han blitt minna i den engelske kyrkja med ei mindre feiring den 30. august, og i den liturgiske kalenderen i den amerikanske episkopalkyrkja den 29. august. Andre kyrkjer i det anglikanske fellesskapen, som den anglikanske kyrkja i Australia, minnar han på dødsdagen hans den 31. august. Det viktigaste er at han er ein sentral skikkelse innan den baptistiske delen av kristendommen, som i løpet av dei neste fire hundre åra voks fram som ein verdsomspennande kyrkjefamilie.

Forfattarskap endre

Han gav ut rundt seksti bøker, mange av det var i hovudsak utbroderingar av bibeltekstar. I si tid blei The Pilgrim's Progress rekna som den mest lesne og omsette engelskspråklege boka, med unntak av Bibelen.[2]

Boka har òg kome ut fleire gonger på mellom anna svensk, dansk og norsk.[3] Ho er blitt filmatisert fleire gonger, første gong i 1912, og med ein lågbudsjettfilm i 1979 der ein ung Liam Neeson hadde debutrolla som evangelisten.[4][5]

Bibliografi (utval) endre

  • Grace Abounding to the chief of sinners, 1666, i et selvbiografisk lys forklarer Bunyan sitt religiøse kall.
  • The Pilgrim's Progress, (En pilegrims vandring), del 1 London 1678, del 2 1684, første utgave med begge delene kom i 1728
  • The Life and Death of Mr. Badman, en pseudobiografi, 1680
  • The Holy War, allegori. 1682

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Beyer, Edvard (1972): Verdenslitteraturhistorie, bind 4 Klassisisme (1600-tallet), Oslo, s.408-414
  2. Et eksempel på dette er Benjamin Franklin i hans Autobiography: «I have since found that [The Pilgrim's Progress] has been translated into most of the Languages of Europe, and suppose it has been more generally read than any other Book except perhaps the Bible.»
  3. En pilegrims vandring fra denne verden til den tilkommende (1892); kan leses som digital blabok hos Archive.org
  4. Pilgrim's Progress (1979), IMDb
  5. Norsk omtale av Pilgrim's Progress (1979), Kristenfilm

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: John Bunyan
 

Originaltekst av John Bunyan ved Wikisource.