John Evan
John Spencer Evans (fødd 28. mars 1948) er ein engelsk musikar som spelte tangentinstrument for Jethro Tull frå april 1970 til juni 1980.[1] Han vart utdanna ved King's College London.
John Evan | |||
John Evan med Jethro Tull i 1973 | |||
Fødd | 28. mars 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Blackpool i Lancashire i England | ||
Fødenamn | John Spencer Evans | ||
Alias | John Evans | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1960-åra til i dag | ||
Sjanger | Rock, alternativ rock | ||
Instrument | tangentinstrument, Trommer | ||
Tilknytte artistar | Jethro Tull | ||
Plateselskap | Chrysalis Records, A New Day Records | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, plateprodusent |
Evans vart fødd i Blackpool i Lancashire. Han endra namn då det første bandet hans, The Blades, skifta namn til The John Evan Band. Jeffrey Hammond meinte at 'The John Evan Band' høyrdest betre ut enn 'The John Evans Band'.
Seinare gjekk Evan på college då han kjende att dei tidlegare bandkameratane sine på radio med songen «Living In The Past», og sa fleire år seinare at han la merke til songen på grunn av den uvanlege takten for ein popsong. I 1970 spelte han som studiomusikar på Tull-albumet Benefit (der det står skrive i plateomslaget «...and John Evan, who played keyboards for our benefit.»), og vart til slutt overtalt av Ian Anderson til å forlate skulen og verte fulltidsmedlem av bandet. Evan skreiv mellom anna den kjende pianointroduksjonen til «Locomotive Breath» i studio medan dei andre var ute til lunsj.
Medan han var i Jethro Tull brukte Evan ofte ein kvit dress imed ei gul skjorte under og eit rosa og gult polka-dot-slips. Evan slutta i Jethro Tull i juli 1980 og starta så bandet Tallis i lag med tidlegare Tull-medlem David Palmer.[2]
Evan bur i dag i Australia.
Diskografi
endre- Med The John Evan Band
- Live 1966 (A New Day Records)
- Med Jethro Tull
- Benefit (som studiomusikar)
- Aqualung
- Thick as a Brick
- Living in the Past (samleplate)
- A Passion Play
- War Child
- Minstrel in the Gallery
- Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die!
- Songs from the Wood
- Heavy Horses
- Bursting Out
- Stormwatch
- 20 Years of Jethro Tull (samleplate)
- 25th Anniversary Box Set (samleplate)
- Nightcap (samleplate)
- Nothing Is Easy: Live at the Isle of Wight 1970 (som studiomusikar)
- Live at Madison Square Garden 1978
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John Evan» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Hill, Gary. «Biography: John Evan». Allmusic. Henta 15. september 2012 14 april 2010.
- ↑ Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 344. CN 5585.