Benefit
Studioalbum av Jethro Tull
Språk engelsk
Utgjeve 20. april 1970 (Storbritannia)
1. mai 1970 (USA)
Innspelt 3. september 1969 – 25. februar 1970
Studio Morgan Studios i London
Sjanger Hardrock, folkrock, progressiv rock
Lengd 42:49
Selskap Chrysalis/Island (Europa)
Reprise (Amerika, Jaan og Oseania)
Produsent Ian Anderson, Terry Ellis
Jethro Tull-kronologi 
Stand Up
(1969)
Benefit Aqualung
(1971)


Singlar frå Benefit
  1. «Sweet Dream/17»
    Utgjeve: Oktober 1969 (Europa)
  2. «The Witch's Promise/Teacher»
    Utgjeve: Januar 1970
  3. «Inside/Alive and Well and Living In (Storbritannia), Inside/A Time for Everything? (USA)»
    Utgjeve: 24. april 1970 (Storbritannia)

Benefit er det tredje studioalbumet til den britiske rockegruppa Jethro Tull, utgjeve i april 1970. Det var det første Tull-albumet med pianisten og organisten John Evan, men han var ikkje enno permanent medlem av gruppa. Det var òg det siste albumet med bassgitaristen Glenn Cornick. Det vart spelt inn i det same studioet som det førre albumet, men bandet eksperimenterte meir med avanserte innspelingsteknikkar.[1]

Albumet nådde tredjeplassen på den britiske albumlista.[2]

Frontman Ian Anderson sa at Benefit er mykje mørkare enn føregangaren Stand Up, inspirert av slitet under ein lang amerikansk turné dei hadde hatt og frustrasjon kring musikkindustrien.[3]

Production endre

Gitaristen Martin Barre sa at Benefit var langt enklare å spele inn enn det førre albumet, sidan suksessen med Stand Up gav musikarane større kunstnarisk fridom.[4]

Benefit nytta studioteknikkar som baklengs innspeling (fløyte- og piano på «With You There to Help Me») og manipulere farten på lydbandet (gitar på «Play in Time»). I eit intervju frå 1970 sa Anderson at med klaverspelaren John Evan i studio hadde bandet endra stilen sin: «John har lagt til ein ny musikalsk dimensjon og eg kan skrive mykje meir fritt no. Alt er faktisk mogeleg med han på klaver.».[5]

Musikkstil endre

Ian Anderson sa at Benefit var eit «gitarriff»-album, og spelt inn i eit år då artistar som Cream, Jimi Hendrix og Led Zeppelin vart meir riff-orienterte. Anderson sa òg at Benefit er «eit heller mørkt og nakent album, men nokre av songane på det er ganske bra. Eg syns ikkje det har breidda, variasjonen eller detaljane som Stand Up har. Men det var ei utvikling i forhold til at bandet spelte som 'eit band'.»[6]

I følgje Martin Barre var «To Cry You a Song» eit svar til Blind Faith sin «Had to Cry Today», «men du kan ikkje samanlikne dei to. Me stal ingenting. Riffet kryssar over linja eit par stader og Ian og eg spelte kvar sin gitar. Det var meir eller mindre live i studio med eit par ekstra lydspor og ein solo. Ian spelte på min Gibson SG og eg spelte på ein Les Paul[7]

På dette albumet var stilen deira meir forankra i folkemusikk og dei gjekk heilt bort frå blues. På opningssporet, «With You There to Help Me» nyttar Anderson den no kjende, lett sørgmodige visesongar stilen sin, med eit heller sardonisk syn på livet og verda. Den akustiske gitaren hans ber melodien med Martin Barre på elektrisk gitar på crescendoane. Dette var grunnlaget for mange av songane på Aqualung og særleg Thick as a Brick, dei to neste albuma til bandet, sjølv om samspelet mellom akustisk og elektrisk gitar var meir effektivt utført på dei albuma. Barre legg tyngde i gitaren på hardrocksongar som «To Cry You a Song» og «Son», og i tillegg til «For Michael Collins, Jeffrey and Me» var dei alle var med på å definere den framtidige stilen til Tull.[8]

Utgjeving endre

Den britiske og amerikanske utgåva av albumet var forskjellig. Den amerikanske versjonen hadde songen «Teacher» (med fløyte) å side to av albumet og erstatta «Alive and Well and Living In». I Storbritannia vart «Teacher» gjeven ut som B-sida til singelen «Witch's Promise» ,som ikkje var med på albumet, og var utan fløyte.[1]

I 2013 kom samlarutgåva av Benefit ut. Det inneheld bonusspor miksa av Steven Wilson, ei plate med mono- og stereomiksar av sjeldne og tidlegare ikkje-utgjevne songar og singlar, og ein lyd-DVD med ein kringlydmiks av originalalbumet. Det kom òg med eit hefte med eit essay skriven av Martin Webb, i tillegg til intervju med bandmedlemmar og eit utval fotografi.[9]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [8]
Christgau's Record GuideB–[10]
Record Collector     [11]
The Daily VaultB+[12]

Kritikarane var ikkje særleg imponert då Benefit kom ut. Rolling Stone kalla det «teit og dumt».[13] Disc and Music Echo var heller ikkje imponert, men kjende att kvaliteten til bandet: «Dette albumet tar ikkje eit like drastisk sprang frå Stand Up, som dette gjorde frå This Was. Det er meir som det Jethro Tull me har sett og høyrt det siste året. Det verkar å vere eit merkverdig langt album, og syner at det er eit spanande band. Spanande fordi dei kan ha ganske lange gitarsoloar og likevel halde det stramt og samanhengande.».[14] The Village Voice-kritikaren Robert Christgau likte riffa som songane var baserte på, men vart teken bort av teksten, som han meinte var vanskeleg å hugse.[10]

AllMusic og Record Collector har i nyare tid vore langt meir positive til albumet. Bruce Eder skreiv: «Dei fleste songane på Benefit har behagelege, folk-aktige melodiar i lag med noko deprimerte, men blendande komplekse tekstar. Gitaren til Barre har akkurat nok kraft til å halde hardrocklyttarane interesserte. 'To Cry You a Song', 'Son', and 'For Michael Collins, Jeffrey and Me' definerte alle den framtidige stilen til Tull: Forsterkaren til Barre er skrudd opp til ti (særleg på 'Son'), og kjem inn over den akustiske klimpringa til Anderson, eit par uventa tempoendringar, og Anderson syng tekstar fylde med tette, tilsynelatande djupe bilete og meldingar.»[8] Record Collector hylla i 2013 den nye miksen til Steven Wilson og skeiv: «Benefit dannar ei perfekt bru mellom det rullande, ramlande Tull frå dei første åra og dei stramme riffa og stikkande tekstane på Aqualung[11]

Innhald endre

Britisk utgåve frå 1970 endre

Alle songar er skrivne av Ian Anderson.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«With You There to Help Me»6:15
2.«Nothing to Say»5:10
3.«Alive and Well and Living In»2:43
4.«Son»2:48
5.«For Michael Collins, Jeffrey and Me»3:47
Side to
Nr.TittelLengd
6.«To Cry You a Song»6:09
7.«A Time for Everything?»2:42
8.«Inside»3:38
9.«Play in Time»3:44
10.«Sossity; You're a Woman»4:31
Bonusspor på CD-utgåva frå 2001
Nr.TittelLengd
11.«Singing All Day»3:07
12.«Witch's Promise»3:52
13.«Just Trying to Be»1:37
14.«Teacher» (Original U.K Mix)3:49

Amerikansk utgåve frå 1970 endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«With You There to Help Me»6:15
2.«Nothing to Say»5:10
3.«Inside»3:46
4.«Son»2:48
5.«For Michael Collins, Jeffrey and Me»3:47
Side to
Nr.TittelLengd
6.«To Cry You a Song»6:09
7.«A Time for Everything?»2:42
8.«Teacher»3:57
9.«Play in Time»3:44
10.«Sossity; You're a Woman»4:31

Samlarutgåva frå 2013 endre

CD 1: Steven Wilson sin nye steroe miks
Nr.TittelLengd
11.«Singing All Day»3:07
12.«Sweet Dream»4:03
13.«17»6:20
14.«Teacher» (britiske singelutgåve)4:58
15.«Teacher» (amerikansk albumutgåve)4:03
CD 2: Tilknytte innspelingar 1969-1970
Nr.TittelLengd
1.«Singing All Day» (mono)3:08
2.«Sweet Dream» (mono)4:04
3.«17» (mono)6:11
4.«Sweet Dream» (stereo)4:04
5.«17» (stereo)5:32
6.«Witch's Promise» (mono)4:01
7.«Teacher» (britisk singelversjon - mono)4:51
8.«Teacher» (amerikansk albumversjon - mono)4:00
9.«Witch's Promise» (stereo)3:51
10.«Teacher» (britisk singelversjon - stereo)4:51
11.«Teacher» (amerikansk singelversjon - stereo)4:00
12.«Inside» (singel edit - mono)2:43
13.«Alive and Well and Living In» (mono)2:48
14.«A Time for Everything» (mono)2:46
15.«Reprise AM Radio Spot 1» (mono)1:05
16.«Reprise FM Radio Spot 2» (mono)1:05
DVD: Steven Wilson sin 5.1-kringlydmiks av albumet og andre innspelingar
Nr.TittelLengd
11.«Singing All Day»3:07
12.«Sweet Dream»4:03
13.«17»6:20
14.«Teacher» (britisk singelutgåve)4:58
15.«Teacher» (amerikansk singelutgåve)4:03

Medverkande endre

Jethro Tull
Andre medverkande
Produksjon
  • Robin Black – lydteknikar
  • Terry Ellis – design, leiande produsent
  • Ruan O'Lochlainn – design, fotografi

Salslister endre

Benefit var den første plata til Jethro Tull som selde ein million.[1]

Album endre

År Liste Plassering
1970 Norske VG-lista[15] 2
UK Albums Chart [16] 3
Den tyske albumlista[17] 5
Den danske albumlista[18] 6
Dutch MegaCharts [19] 6
Billboard 200 (USA) [20] 11
Italian Hit Parade[21] 18
RPM100 Albums (Canada)[22] 22
2013 Top Pop Catalog Albums (USA) [20] 48
Italian Hit Parade[23] 97

Singlar endre

År Singel Liste Plassering
1970 «Witch's Promise» UK Singles Chart [16] 4
Dutch MegaCharts [19] 23
Den tyske singellista[24] 28

Salstrofé endre

Land Organisasjon År Sal
USA RIAA 1970 Gull (+ 500,000)[25]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Jethro Tull - Benefit (1. mai 1970)». Jethro Tull Official Website: JethroTull.com. Henta 2 mai 2019. 
  2. Charts
  3. Morton, Tom (27. august 2001). «BBC Radio Scotland: Old Wild Men». Tull Press.com. Henta 2 mai 2019. 
  4. Wright, Jeb. «Forty Years Of Aqualung: An Interview With Jethro Tull's Martin Barre». Classic Rock Revisited.com. Henta 2 mai 2019. 
  5. «A Tull Story». Down Beat. 25. juni 1970. Henta 2 mai 2019. 
  6. Scapelliti, Christopher (September 1999). «Tull Tales». Guitar World. Henta 2 mai 2019. 
  7. Rabey, Brian (May 1997). «Tull Tales». Guitar Legends (22). Henta 2 mai 2019. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Eder, Bruce. «Jethro Tull - Benefit review». AllMusic. All Media Network. Henta 2 mai 2019. 
  9. «Steven Wilson remixes Jethro Tull’s 'Benefit'». Steven Wilson Official Website. 4. september 2013. Henta 2 mai 2019. 
  10. 10,0 10,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: J». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 27. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  11. 11,0 11,1 Rathbone, Oregano (December 2013). «Jethro Tull - Benefit (1970/2013 Collector's Edition, mixed by Steven Wilson, 2CD+DVD/LP).». Record Collector. Henta 2 mai 2019. 
  12. Ray, Benjamin (2019). «The Daily Vault Music Reviews : Benefit». dailyvault.com. Henta 2 mai 2019. 
  13. Shadoian, Jack (6. august 1970). «Jethro Tull - Benefit». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. april 2018. Henta 2 mai 2019. 
  14. «Jethro Leaps - But Not Quite So High: Jethro Tull - Benefit (1970) album review». Disc and Music Echo. 18. april 1970. Henta 2 mai 2019. 
  15. «VG-lista: Jethro Tull – Benefit». Norwegiancharts.com. Media Control Charts. Henta 2 mai 2019. 
  16. 16,0 16,1 «Jethro Tull Official Charts (Storbritannia)». Official Charts Company. Henta 19. mars 2016. 
  17. «Den tyske albumlista: Jethro Tull - Benefit». Charts.de (på tysk). Media Control Charts. Henta 2 mai 2019. 
  18. Den danske albumlista: Jethro Tull - Benefit
  19. 19,0 19,1 «Dutch MegaCharts: Jethro Tull - Benefit». Dutchcharts.nl (på nederlandsk). Media Control Charts. Henta 2 mai 2019. 
  20. 20,0 20,1 «Benefit Billboard Albums». AllMusic. All Media Network. Henta 2 mai 2019. 
  21. «Italian Charts 1970 / Gli album più venduti del 1970» (på italiensk). Hit Parade Italia.it. Henta 10. april 2016. 
  22. «Top Albums/CDs - Volume 13, No. 17, 13. juni 1970 (Canada)». Library and Archives Canada. 13. juni 1970. Henta 2 mai 2019. 
  23. «Italian Charts: Jethro Tull - Benefit». Italiancharts.com. Media Control Charts. Henta 2 mai 2019. 
  24. «Suchen – insert Jethro Tull». Charts.de (på tysk). Media Control Charts. Henta 20. mars 2016. 
  25. «RIAA Gold & Platinum Database: search for Jethro Tull». Recording Industry Association of America. Henta 2 mai 2019.