John Iversson Wolden (10. september 186019. juni 1950) var ein norsk gardbrukar og Venstre-politikar frå Orkdal. Han var stortingsrepresentant i periodane 1904-1909 og 1913-1930.

John I. Wolden

Fødd10. september 1860
Død19. juni 1950 (89 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Far hans var gardbrukar i Orkdal. Sjølv gjekk han 1878/9 på Daniel Sæther sin folkehøgskule, utdanna seg vidare 1881 og 1882 ved underoffisersskulen i Trondheim. Frå 1888 til 1900 var han gardbrukar på Nervik i Orkdal, sidan på Megården i same bygda. Han var elles tilknytt Hæren, utnemnd til kommandersersjant i 1911.

Wolden var medlem av Orkdal heradsstyre frå 1895 til 1925. Frå 1902 til 1916 var han ordførar. Attåt var han forlikskommissær frå 1903 og i perioden 1911-33 direktør for Orkdal Sparebank.

Wolden vart i 1902 vald inn på Stortinget for Søndre Trondhjems amt. Med unnatak for perioden 1910-12 hadde han sete på tinget fram til 1930. 1906-09 og 1913-21 representerte han einmannsskrinsen Sør-Trøndelags valkrins nr. 3, Orkedalen. Wolden var i alle år medlem i jarnbanekomiteen, nestformann 1913-24. Frå 1927 var han medlem også av utanriks- og konstitusjonskomiteen. Han var president i Odelstinget 1921-24 og i Stortinget 1925-26.

Kjelder endre