John Klæbo

norsk forfatter og lærer

John Klæbo (15. september 183929. august 1874) var ein norsk lærar og diktar. Han blei fødd på garden GleinDønna. Foreldra var los og styrmann Peder Johan Klæbo og Marit Kathrine Bang. Han voks opp i nærleiken av søskenbarnet sitt, seinare biskop og statsråd Anton Christian Bang.

John Klæbo
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. september 1839
Dønna kommune
Død

29. august 1874 (34 år)
Hardanger

Yrke skribent

Etter konfirmasjonen i 1856 var Klæbo eit par år på lofotfiske, men i 1859 kom han inn på Tromsø Seminarium. Her blei han gripen av ei religiøs vekking, noko som prega han seinare. Han gjekk ut etter to år, i 1861, med 1,5 i gjennomsnittskarakter.

Etter avslutta lærarskolen var John Klæbo huslærar to år hos lensmann Oxaas i Lyngen, men ønskte å studere vidare. Anton Christian Bang, som hadde tatt til å studere i Kristiania, skaffa Klæbo ein vikarpost ved Haugerud skole i Vestre Aker (Oslo) i 1863. På fritida las han for å komme inn på Universitetet, og om ettermiddagane fekk han undervisning i latin og gresk av Anton Christian Bang. På denne tida vanka han mykje hos verksmeister Brandt, og her kom han bl.a. i kontakt med Aasmund Olavsson Vinje, og dette fekk mykje å seie for språksynet til Klæbo som tok til å skrive på landsmål. Klæbo vanka òg i Den nordlandske Forening som blei stifta i 1862-63. Her møtte han bl.a. Elias Blix, Anton Christian Bang og Ole Tobias Olsen.

Etter vikariatet på Haugerud gjekk John Klæbo på ein friskole ei tid, og i 1864 tok han studenteksamen (examen artium). Året etter tok han så «Andeneksamen» med beste karakter. Etter avslutta eksamen i 1865 blei Klæbo lærar på latinskolen som Aars og Voss hadde starta i Kristiania. Nå fekk han òg såpass god økonomi at han kunne begynne å skrive.

I slutten av 1860-åra fekk John Klæbo tæring (tuberkulose), men han heldt fram med skolen og skrivinga. Midtsommars 1871 var han blitt så sjuk at han måtte slutte som lærar, og etter pålegg frå legen reiste han til Utne i Hardanger for sjå om der var helsebot for sjukdommen, men han blei verande her i heile tre år. Han fekk økonomisk hjelp frå gode vennar i Kristiania, og samtidig skreiv han i fleire vestlandsblad.

Det gjekk stadig dårlegare med helsa, og 29. august 1874 døydde John Klæbo. Han blei gravlagt på Kinsarvik kyrkjegard. Vennar i Hardanger reiste han ein minnestein. Seinare blei det òg reist ein minnestein på Glein i Dønna.

John Klæbo tok for alvor til å skrive etter at han hadde fått seg fast lærarpost i Kristiania. Under opphaldet i Hardanger skreiv han òg mykje. Dei fleste motiva henta han frå Nordland, og han er mest kjend for dikta «Ho mor fær Lofotfolket sitt heim» og forteljinga «Ho Dun-Sesel». Han skreiv også ein biografi om Aasmund Olavsson Vinje. Dei fleste tekstane er samla i Songar og Sogor som bokreidar Bertrand Jensen gav ut i 1898.

Bibliografi endre

  • Songar og sogor – (1898)
  • Dikt – (1934)
  • Nordlandsliv : tekstar frå Nordland : redigert av Hans H. Skei – Det norske språk- og litteraturselskap/bokselskap.no, 2013.[1]

Kjelder endre

  1. Nordlandsliv; bokselskap.no
  • Songar og Sogor av John Klæbo, Kristiania, Bokreidar Bertrand Jensen, 1898. (side 117-128: ’’John Klæbo’’, etterord ved ’’Utgjevaren’’).
  • Tore Gleinsvåg: «Bautaer / skulpturer i Dønna» i Årbok for Helgeland 2006
  • John Klæbo på nettstaden Allkunne.

Bakgrunnsstoff endre