John Robert Cozens
John Robert Cozens (1752–14. desember 1797) var ein britisk landskapsmålar, fødd og død i London. Med sine teikningar og akvarellar, laga etter direkte naturstudiar, spela han ei framskoten rolle i utviklinga av det britiske landskapsmåleriet.
John Robert Cozens | |
Statsborgarskap | Kongeriket Storbritannia, Storbritannia |
Fødd | 1752 London |
Død |
14. desember 1797, 1797, desember 1797, 1799 (45 år) |
Yrke | kunstmålar, kunstnar, teiknar, akvarellmaler, grafikar, raderer, innehavar |
Sjanger | landskapsmåleri, historiemåleri, Italienisering |
Far | Alexander Cozens |
John Robert Cozens på Commons |
Liv og gjerning
endreCozens var son til den russiskfødde teiknaren og akvarellmålaren Alexander Cozens. Han gjekk i lære hos far sin og hadde si fyrste utstilling av teikningar hos Society of Artists i 1767. År 1776 viste han eit stort oljemåleri på Royal Academy of Arts i London.
Tida 1776-79 oppheldt han seg delvis i Sveits og Italia, der han teikna Alpane og italienske utsikter. Etter eit par år i London, la så han og forfattaren William Beckford ut på ei lengre reise i Italia. Cozens budde då ei stund i Napoli, før han vende tilbake til England i 1783. Nokre år seinare publiserte han ei rad tolkingar med tre og skogar. Royal Academy fekk då høve til å ta inn verka hans. Kunstinstitusjonen forkasta tilbodet, då bileta ikkje vart rekna som korrekt kunst.
42 år gammal vart Cozens råka av eit nervesamanbrot og vart innlagd på Bethlem Royal Hospital asyl. Overlækjaren, doktor Thomas Monro, var ein engasjert kunstsamlar og såg Cozens briljans og kjøpte samlinga hans.
Cozens måla all sin dag på ein primitiv, nesten overflatisk måte, noko som gjer at fleire av verka hans langt på veg ser ut som farga stikk. Hans akvarellar med sine spesielle, atmosfæriske effektar og illusjonar hadde ein viss innverknad på målarane Thomas Girtin og William Turner.
Galleri
endre-
Mellom Chamonix og Martigny, teikning frå 1776
-
Monte della Madonna, nær Argua, 1783
-
London frå Greenwich Hill, ca 1791
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John Robert Cozens» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juli 2013.