John Steen
John Svaboe Steen (12. juni 1798–31. oktober 1872) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Trondenes i Troms. Han var far til Johannes og Frederik Steen.
John Steen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. juni 1798 Trondenes kommune |
Død |
31. oktober 1872 (74 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Steen var fødd i Trondenes, der far hans var prest. Sjølv avla han norsk juridisk eksamen i 1822 og var dei neste fire åra fullmektig ved generalprokurørembetet. Åra 1826-30 var han inspektør ved Rikshospitalet i Christiania, deretter i tretten år sorenskrivar i Lofoten og Vesterålen. Han var rådmann i Bergen 1843-52 og tollkasserar i same byen 1852-68.
Steen representerte Nordlands amt på Stortinget 1836-39. På alle tre tingsamlingane var han sekretær i Stortinget, medlem av justiskomiteen 1836 og på omframstortinget 1836-37, samt medlem av kyrkjekomiteen i 1839.
Han døydde i Kristiania i 1872.
Kjelder endre
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914