Frederik Steen
Frederik Martin Budtz Steen (19. januar 1836–29. august 1907) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann fødd på Toten. John Steen var far hans, Johannes Steen broren.
Frederik Steen | |||
Fødd | 19. januar 1836 | ||
---|---|---|---|
Død | 29. august 1907 (71 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | sorenskrivar, politikar | ||
Far | John Svaboe Steen | ||
Alle verv |
|
Steen vart student i 1853 og cand. jur. i 1858. Dei neste åra arbeidde på eit sakførarkontor i Bergen og han var fullmektig hos sorenskrivaren i Jæren og Dalane. Frå 1864 budde han i Bergen der han fram til 1871 var overrettssakførar og sidan var politifullmektig. Han var 1880-99 sorenskrivar i Sunnfjord. Til sist var han justissekretær i Bergen.
Steen var 3. representant for Bergen på Stortinget 1880-82 og på omframstortinget 1882. Han var medlem av justiskomiteen.
Han døydde i Bergen i 1907.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914