Johnny Gray
Johnny Gray (fødd John Lee Gray, jr., 19. juni 1960) er ein tidlegare USA-amerikansk 800-meterløpar frå Los Angeles. Ein av hans største prestasjonar var då han sette USA-amerikansk rekord på distansen med tida 1,42.60 i Koblenz, 1985.
Johnny Gray | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 19. juni 1960 (64 år) Los Angeles |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984 |
Utmerkingar | Bislett-medaljen |
Johnny Gray deltok på 800 meter i sitt fyrste OL under sommar-OL 1984 i heimbyen Los Angeles. Han enda her på ein sjuandeplass, men forbetra resultatet til ein femteplass til sommar-OL 1988 i Seoul. I sommar-OL 1992 tok han bronse på 800 meter på tida 1,43.97. Dette vart hans fyrste og einaste OL-medalje, men han deltok også under sommar-OL 1996 i Atlanta.
Resultata hans var synleg betre i dei panamerikanske leikane. Han deltok i leikane fyrste gongen i 1987 og tok gullmedaljen på tida 1,46.79. Neste gong Gray deltok i leikane var tolv år seinare, i 1999. Gray var no 39 år gamal, men tok ein ny gullmedalje på tida 1,45.38.
Johnny Gray vann også Bislett-medaljen i 1997 for store idrettsbragder på Bislett stadion.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Johnny Gray» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- «Johnny Gray» (på engelsk). olympedia.org. Henta 15. februar 2023.