Joint Warfare Centre

Joint Warfare Centre (JWC) ('Felles krigføringssenter') er eit militært fjellanlegg på Jåttå i Stavanger som vert brukt til trening og utdanning av personell som yrkjer ved dei operative hovudkvartera til NATO.[1]

Joint Warfare Centre

HovudkontorStavanger kommune
LandNoreg
Dagleg leiarReinhard Wolski
Nettstadhttp://www.jwc.nato.int/

JWC er direkte lagt under NATO-hovudkommandoen Allied Command Transformation i Norfolk, USA.[2]

Soge endre

Allereie frå folkevandringstida har ein hatt ein bygdeborg ved Jåttånuten.[3]

I 1943, under den andre verdskrigen, byrja tyskarane å byggja eit hovudkvarter inne i fjellet under Jåttånuten.[4] Dette vart fullført av Forsvaret i slutten av 1950-åra og Luftforsvaret og Kystvakta flytta inn hit i 1957.

I 1994 kom forlauparen til JWC inn: Headquarters Allied Forces North Europe. I 2000 vart det endra til Joint Command North (JCN), dinest opprettinga av Joint Warfare Centre i 2003.

I 2003 vart JWC oppretta i samband med omlegginga av kommandostrukturen til NATO, som vart vedteke i Praha november 2002.[5] Føremålet med senteret er å utvikla NATO til ein førebudd og fleksibel organisasjon, og dessutan utdanna personell ved dei operative hovudkvartera.

Tidlegare heldt også Fellesoperativt hovudkvarter til på Jåttå, men vart i 2009 flytta til Reitan i Nordland og døypt om til Forsvarets operative hovudkvarter.

Oppgåver endre

Oppdrag endre

  • Planleggja, førebu og gjennomføra kollektive treningar på operasjonelt og strategisk nivå, inkludert testing, validering og integrering av nye konsept og doktrineutvikling.
  • Utvikla og styrkja relasjonar og integrering av nasjonale trenings- og kommandoorganisasjonar, statlege og ikkje-statlege organisasjonar.[6]

Misjon endre

  • Bidraga med samtrening og effektivisering på operasjonelt og strategisk nivå.
  • Gjennomføra trening av felles stabar (NATO Command Structure/NATO Force Structure).
  • Støtta, oppretthalda og vidareutvikla NATO sitt konsept og doktrineutvikling.[7][6]

Kjelder endre

  1. Hem, Mikal (30. september 2022). «I denne fjellhallen skal Nato simulere krig». forsvaretsforum.no (på norsk bokmål). Henta 1. oktober 2022. 
  2. «Nato-basen på Jåttå skal oppgraderes». www.aftenbladet.no (på norsk bokmål). Henta 1. oktober 2022. 
  3. «Fakta om Hinna kommunedel | Stavanger kommune», www.stavanger.kommune.no (på norsk bokmål), 17. oktober 2017, henta 13. oktober 2023 
  4. «Sluttstrek satt for Jåttå». Avisa Nordland (på norsk). 18. juni 2010. Henta 8. februar 2023. 
  5. «History». www.jwc.nato.int (på engelsk). Henta 13. oktober 2023. 
  6. 6,0 6,1 «Who we are» (på engelsk). JWC. Henta 13. oktober 2023. 
  7. «Mission» (på engelsk). JWC. Henta 13. oktober 2023. 

Bakgrunnsstoff endre