Jolanda Čeplak, opphavleg Jolanda Steblovnik, (fødd 12. september 1976) er ein slovensk tidlegare mellomdistanseløpar frå Celje. Ho vart europameister på 800 m i 2002, og tok OL-bronse på same distansen i 2004.

Jolanda Čeplak
Statsborgarskap Slovenia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia
Fødd 12. september 1976 (47 år)
Celje
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Utmerkingar

Bloudek-prisen, Årets idrettsutøver i Slovenia

Aktiv endre

I unge år deltok Čeplak i løp på fleire distansar, fyrst då ho var tidleg i 20-åra bestemte ho seg for å satse mest på 800 meter. Ho fekk sitt internasjonale gjennombrot i 2002 med siger og innandørs verdsrekord på 1.55,82 under innandørs-VM i Wien. Under europameisterskapen i München same året vann ho gullmedaljen på 800 m på suverent vis.

Ved dei olympiske leikane i Aten i 2004 avslutta ho sterkt på 800-meteren og var i mål så å seie jamsides gullvinnar Kelly Holmes og sølvvinnar Hasna Benhassi. Det måtte sågar målfoto til for å skille Benhassi og Čeplak. Største favoritten, Maria Mutola, måtte ta til takke med fjerdeplassen.

Ceplak tok bronsen i innandørs-EM 2007. I juni same året testa ho positivt på erythropoetin (EPO) i ein umeld dopingkontroll i bustaden hennar i Monaco. Det slovenske friidrettsforbundet stengde henne ute frå friidrettstevlingar i to år, noko som vart eit endeleg farvel med friidretten.

Čeplak sin slovenske rekord på 800 meter frå 2002 lyder på 1.55,19 og gjeld framleis i 2015. Hennar personlege rekord på 1500 m frå 2003 er på 4.02,4.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre