Maria de Lurdes Mutola (fødd 27. oktober 1972) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Maputo i Mosambik som spesialiserte seg på 800 meter. I tida 1993-2003 vann ho tre VM-gull, eitt OL-gull, VM-sølv, OL-sølv og VM-bronse på spesialdistansen. Perioden 1991-2008 kvalifiserte ho seg til 13 av dei 14 VM-/OL-finalane på 800 meter, ein unik prestasjon i friidrettssoga.

Maria Mutola


Statsborgarskap Mosambik
Fødd 27. oktober 1972 (51 år)
Maputo
Idrett friidrett, fotball
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2006, Samveldeleikane 1998

Utmerkingar

Order of Eduardo Mondlane, 1st class

Aktiv endre

Mutola deltok i Sommar-OL 1988, 15 år gammal, og rauk ut i forsøksløpet etter personbeste på 2.04,3. To år seinare vart ho afrikameister på 800 m. I 1991 fekk ho stipend ved ein skule i Springfield i Oregon og byrja gjere stor framgang. Ved friidretts-VM 1991 overraska ho stort og vart nummer fire på tida 1.57,63, fattige 0,13 sekund bak gullvinnaren.

Mutola vart verdsmeister fyrste gongen i 1993, ho var då heilt suveren på 800 meter. I 1994-sesongen gjorde ho unna sin snøggaste 800-meter då ho vann ei tevling i Zürich på tida 1.55,19. Året etter vart ho diskvalifisert i verdsmeisterskapen for å ha trakka ut av bana si i semifinalen. Mutola var storfavoritt under sommarleikane i Atlanta sommaren 1996, men var ikkje i si beste form og makta ikkje passere Svetlana Masterkova frå Russland og Ana Fidelia Quirot frå Cuba på oppløpet. Også i friidretts-VM i Aten året etter enda Mutola på bronseplassen på 800 m, Quirot vann.

I 1998 vann Mutola 800 m i Samveldeleikane. Ho vart så slått på målstreken av tsjekkiske Ludmila Formanová i VM 1999 i Sevilla. Hennar største stund på friidrettsbana kom då ho vann ein klar siger i 800-metertevlinga under Sommar-OL 2000 i Sydney. Store folkemengder møtte fram då ho kom heim til Maputo med gullmedaljen.

Både i 2001 og 2003 sikra Mutola seg gullmedaljen på 800 meter i verdsmeisterskapane. Under 800-meterfinalen i OL 2004 låg ho godt an til å forsvare OL-tittelen, men måtte sjå seg slått av tre løparar i spurten og hamna utanfor sigerspallen, 0,13 sekund bak den olympiske meisteren, britiske Kelly Holmes. Også ved friidretts-VM 2005 enda Mutola som nummer fire på 800 m. Ho tok seg til finale også i VM 2007 og OL 2008, utan å blande seg inn i hardaste medaljestriden.

 
Mutola i gul drakt (2588) under OL-finalen på 800 meter i Sydney 25. september 2000

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre