Jon Dyrrdal

norsk sosialøkonom

Jon Dyrrdal (21. november 189425. november 1933) var ein norsk sosialøkonom og ungdomslagsorganisator. Han var frå Kyrkjebø i Høyanger kommune.

Jon Dyrrdal

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. november 1894
Kyrkjebø
Død

25. november 1933 (39 år)

Yrke samfunnsøkonom

Erfaringar og engasjement endre

Dyrrdal var på studieferd i Sør-Europa og Midtausten før han drog til USA, der han studerte sosialøkonomi. Nokre av inntrykka og refleksjonane frå studieferda oppsummerte han i småskriftet I skuggane fraa Versailles : det arbeidslause Tyskland (1923).

I 1920-åra arbeidde Dyrrdal ei tid på Ford-fabrikken i Detroit. Dette danna bakgrunnen for pamfletten Fordismen : moderne arbeidsproblem (1929), utgitt på Fram forlag (Mot Dag). Pamfletten var eit tidleg oppgjer med «Ford-myten» og ein kritisk sosiologisk analyse av korleis moderne rasjonell industriell masseproduksjon verkar sløvande på arbeidarane.

Dyrrdal kom tidleg med i ungdomslagsarbeidet i heimtraktene. Etter at han kom til Noreg att, vart han sekretær (1928–33) i det nyskipa Oslo Fylkeslag i Noregs Ungdomslag. Her vart han ei drivande kraft, ikkje minst i det sosiale arbeidet til ungdomsrørsla i hovudstaden. Han fekk i gang hybelhuset «Heim for landsungdom» (Nordahl Bruns gate 22) og bygde med kommunal og statleg støtte opp «Sosialkontoret for landsungdom» til hjelp for ungdom som ville etablere seg i bygdene. Han kombinerte ny økonomisk og sosiologisk innsikt med eit sterkt organisatorisk engasjement i norskdomsrørsla.

Bibliografi endre

Bøker endre

  • 1923 – I skuggane fraa Versailles : det arbeidslause Tyskland (Kiel: Norli)
  • 1929 – Fordismen : moderne arbeidsproblem (Oslo: Fram) I fulltekst ved nb.no
  • 1929 – Sosiale spursmål for norsk ungdom (Oslo: Noregs ungdomslag) I fulltekst ved nb.no

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre