Jon Eilert Bøgseth

Jon Eilert Bøgseth (fødd 22. februar 1959) er ein tidlegare skihoppar frå Namdalseid. Han oppnådde ein andreplass i eit verdscuprenn i 1981, same sesongen som han vann NM-sølv i normalbakkerennet. Bøgseth var medlem av Namdalseid Idrettslag.

Jon Eilert Bøgseth
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. februar 1959 (65 år)
Idrett skihopping, kombinert

Karriere endre

Bøgseth debuterte i verdscupen i Oberstdorf 30. desember 1980, utan å utmerke seg. Først i sitt tredje verdscuprenn, i Ironwood i USA, kom han inn mellom dei ti beste, vart då nummer ni. Ei veke seinare kleiv han opp til sjetteplassen i Thunder Bay, før han i Chamonix vart nummer to og kom på pallen første gongen. Seinare i sesongen vart han nummer fire i Saint-Nizier og nummer ti i Planica. Samanlagt vart han nummer 15 i verdscupen 1981. Under noregsmeisterskapen på Eidsvoll vann han sølv i normalbakken, bak Ivar Mobekk.

1982-sesongen deltok han knappast i internasjonale tevlinger. I verdscupen 1983 kom han fire gongar inn mellom dei ti beste og vart nummer 19 samanlagt. Hans fremste prestasjon kom i Engelberg, der han vart nummer fire, landsmannen Per Bergerud vann rennet. Bøgseth var same året ein av nordmennene som deltok i verdsmeisterskapen i skiflyging i Planica, der han kom på 19. plass.

Besteplasseringar i internasjonale renn endre

  • 1981: Nr 2 i Chamonix
  • 1982: Nr 5 i storbakken i Falun (ikkje verdscuprenn)
  • 1983: Nr 4 i Engelberg

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Han la opp etter 1983-sesongen.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar