Per Bergerud (fødd 28. juni 1956) er ein tidlegare norsk skihoppar frå Flesberg i Buskerud, og noverande næringsdrivar. Han vart verdsmeister i 1985 då han vann rennet i storbakken i Innsbruck. I 1982 var han saman med Johan Sætre, Ole Bremseth og Olav Hansson med på laget som i Oslo vann den fyrste verdsmeisterskapen i skihopping for lag. Mellom 1978 og 1985 vart han noregsmeister åtte gonger. Han var medlem av Svene IL.

Per Bergerud
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. juni 1956 (67 år)
Flesberg kommune
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen

Karriere endre

Bergerud debuterte internasjonalt i den tysk-austerrikske hoppveka i 1974. Fyrst i 1977-sesongen slo han gjennom, kom då på medaljeplass i begge NM-renna og var som best på ein sjuandeplass i verdscupen. Sin fyrste siger i store, internasjonale tevlingar kom i 1978 i Bergiselbakken i Innsbruck, under den tysk-austerrikske hoppveka. Same sesongen vart han norsk dobbeltmeister. Dobbel noregsmeister vart han også i 1983. Gjennom åra vann Bergerud åtte NM-gull, to sølvmedaljar og to bronsemedaljar. Siste NM-gullet kom i 1985. I alt mottok han fem kongepokalar. I 1979 sigra han i Holmenkollen etter ein spennande duell med Johan Sætre.

Verdscupen i skihopping vart arrangert frå sesongen 1979/80. Bergerud vann dei neste sesongane i alt fire verdscuprenn. Det fyrste var eit skiflygingsrenn i Vikersund i 1980, sidan vann han to renn i Engelberg, 1981 og 1983. I mellom sigrane i Engelberg, vann han i 1982 sin andre siger i den tysk-austerrikske hoppveka, og atter i Innsbruck. Totalt vart han då nummer tre i hoppveka, bak den klare vinnaren Manfred Deckert og Roger Ruud. Den beste plasseringa hans samanlagd i verdscupen var femteplassen i 1983-sesongen.

Bergerud hamna eit godt stykke ned på resultatlistene i dei fleste internasjonale meisteskapane. I ski-VM 1978 i Lahti vart han nummer 11 i normalbakken som best, medan han under vinter-OL 1980 Lake Placid vart nummer 16 og 18 i dei to renna. Under ski-VM 1982 i Oslo var han med på gullaget i lagtevlinga, men bokførte 11. plassen i storbakkerennet som sin beste individuelle prestasjon.

Høgdepunktet for skihopparen Bergerud kom under Ski-VM 1985 i Seefeld, der han gjekk til topps i storbakken, Bergiselbakken i Innsbruck, og tok bronsemedaljen i normalbakken i sjølve Seefeld. I ei jamn tevling i Bergiselbakken, der Bergerud leia etter fyrste omgang, vann han føre finnane Jari Puikkonen og Matti Nykänen.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1975: Nr 15 i Bischofshofen
  • 1976: Nr 12 i Holmenkollen
  • 1977: Nr 7 i Bischofshofen
  • 1978: Siger i Innsbruck
  • 1979: Siger i Holmenkollen
  • 1980: Siger i Vikersund (skiflyging)
  • 1981: Siger i Engelberg, ein andreplass (Garmisch-Partenkirchen) og to tredjeplassar (Bischofshofen og Harrachov)
  • 1982: Siger i Innsbruck, to andreplassar (Sapporo og Planica)
  • 1983: Siger i Engelberg, andreplass i St. Moritz og tredjeplass i Cortina d'Ampezzo
  • 1984: Andreplass i Bischofshofen og tredjeplass i Liberec
  • 1985: Verdsmeister i storbakken i Innsbruck, bronsemedalje i normalbakken i Seefeld. To tredjeplassar i verdscupen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

I 1985 vart Bergerud tildelt Holmenkollmedaljen

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre