Ivar Mobekk (fødd 15. september 1959) er ein tidlegare norsk skihoppar frå Elverum som tevla for Elverum Skiklubb.

Ivar Mobekk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. september 1959 (64 år)
Elverum
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1980

Karriere endre

Mobekk vart noregsmeister i normal bakke i 1981 i Rælingen. Han vann tevlinga i Marikollen føre Jon Eilert Bøgseth, med Johan Sætre på tredjeplass. Den andre NM-medaljen, ei bronsemedalje, kapra han i gjennombrotssesongen 1979, men då i stor bakke. Fire gongar kom han på pallen i verdscupen. Tre andreplassar kom i Zakopane i 1980, Thunder Bay og St. Nizier, begge i 1981, ein einsleg tredjeplass kom i det andre rennet i Zakopane i 1980.

Mobekk deltok under Vinter-OL 1980 i Lake Placid. Han vart høvesvis nummer 24 og 27 i stor og i normal bakke.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Bakgrunnsstoff endre