Opna hovudmenyen

Jon Knud Bøgh Fjeldså (fødd 13. desember 1942 i Hauge i Dalane) er ein dansk zoolog opphavleg frå Noreg. Hans forskingsinteresser inkluderer ornitologiske studiar i Andesfjella og i Afrika, spesielt innanfor molekylær analyse, biosystematikk, biologisk mangfald i tropane, makroøkologi og internasjonalt fuglevernarbeid. Fuglearten brunryggmaursmett (Epinecrophylla fjeldsaai) har fått vitskapleg namn etter Fjeldså.

Jon Fjeldså
Fødd13. desember 1942
Hauge i Dalane
NasjonalitetNoreg
Yrkezoolog, ornitolog
InstitusjonarKøbenhavns Universitet

Liv og arbeidEndra

Jon Fjeldså var son av Anine Knudsen og universitetslektor Per Fjeldså. Allereie som gut hadde han det første møtet med fuglar i dukkarfamilien. Han skreiv seg inn på Universitetet i Bergen i 1961, der han i 1970 tok matematisk-naturvitskapleg embetseksamen i zoologi. I løpet av ferien utforska han horndukkar, Podiceps auritus, i 1974 gav han ut doktorgradsavhandlinga med tittelen Studier over den nordiske lappedykkers, Podiceps auritus (Linnaeus, 1758), forekomst, forhold til sine omgivelser og sociale adfærd. I 1975 mottok Fjeldså doktorgraden ph.d. ved Københavns Universitet. Han byrja som kurator ved Zoologisk museum, Københavns Universitet i 1971 og frå 1979 har han hatt stillinga som administrerande kurator. I 1996 vart han utnemnt til professor.

Frå 1980 gjorde Fjeldså omfattande feltstudiar av fuglefaunaen i Peru, Ecuador, Bolivia og Colombia. Eit fokus var dukkarar i innsjøane i Andes.

I 1987 vende han merksemda si mot tåkeskogane i høglandet i Andes og på strategiar for økologisk restaurering av høgtliggande habitat. Sidan 1991 dreiv han feltarbeid i afrikanske fjellskogar, særleg i Aust-Arc-fjella i Tanzania. Frå 1995 starta han engasjement ved Makerere universitetet i Uganda og Universitetet i Dar es Salaam på ENRECA-prosjektet for studiar og vern av biologisk mangfald i Uganda og Tanzania. Han var medlem av det danske sekretariatet for Global Biodiversity Information Facility og var med på skiping av Nordic Foundation for Development and Ecology (NORDECO). Han har vore med i styret i Dansk Ornitologisk Forening, DOF, frå 1990 og i perioden 1994 til 1999 var han styremedlem i BirdLife International. Han var òg ein del av Research Group i IUCN Species Survival Commission, som var ansvarleg for innsamlinga av data for dukkarfamilien til den globale raudlista over trua artar.

I 1987 grunnla Jon Fjeldså Institutt for genetisk analyse på Zoologisk museum, Københavns Universitet, instituttet husar den nest største ornitologiske vevskultursamlinga i verda.

Jon Fjeldså skreiv dei opphavlege vitskaplege skildringane av fleire artar som den sjeldne fabelbuskvarslar (Laniarius erlangeri), maskekjerrsporv (Atlapetes melanopsis), rubehoakalat (Sheppardia aurantiithorax) og boliviastifthale (Cranioleuca henrica). I 1999 gav Niels Krabbe det vitskapleg namnet Myrmotherula fjeldsaaibrunryggmaursmett til ære for Jon Fjeldså.

Forutan 190 vitskaplege publikasjonar reknast Guide to the young of European precocial birds (1977), Birds of the High Andes (1990) og The Grebes: Podicipedidae (2004) som dei vektigaste verka hans.

Verk i utvalEndra

  • 1974: Dyr lever sammen
  • 1977: Guide to the young of European precocial birds
  • 1977: The Coot and the Moorhen
  • 1978: The Black-headed Gull
  • 1981: Proceedings of the Third Nordic Congress of Ornithology
  • 1982: Comparative Ecology of Peruvian Grebes: A Study of the Mechanisms of Evolution of Ecological Isolation
  • 1987: Birds of Relict Forests in the High Andes of Peru and Bolivia
  • 1988: Comparative Ecology of the Australasian Grebes (Aves: Podicipedidae)
  • 1989: Fuglene i Danemark
  • 1990: Birds of the High Andes: a manual to the birds of the temperate zone of the Andes and Patagonia, South America
  • 1990: Working Bibliography of the Grebes of the World
  • 1991: Ugler
  • 1994: Lofotens fugler
  • 1996: Conserving the Biological Diversity of Polylepis Woodlands of the Highland of Peru and Bolivia: A Contribution to *Sustainable Natural Resource Management in the Andes
  • 1997: Grebes: status survey and conservation action plan
  • 1998: Biodiversity and Conservation of the Eastern Arc Mountains of Tanzania and Kenya, Morogoro, Tanzania, 1st-5th December 1997
  • 1999: Cocapata and Saila Pata
  • 2001: Field Guide to the Birds of the Machu Picchu Historical Sanctuary, Peru
  • 2002: Fugle i Grønland
  • 2004: The Grebes: Podicipedidae

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra