Brunryggmaursmett

art av sporvefuglar
Brunryggmaursmett
Utbreiing
Utbreiinga av Brunryggmaursmett
Utbreiinga av Brunryggmaursmett
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Epinecrophylla
Art: Brunryggmaursmett E. fjeldsaai
Vitskapleg namn
Epinecrophylla fjeldsaai

Brunryggmaursmett, Epinecrophylla fjeldsaai, er ein liten fugl i maurfuglfamilien. Denne arten lever i tropisk, fuktig skog, under 450 moh. i austlege Ecuador og i ved øvre Napo i Loreto-regionen, Peru. Han er vanleg i Yasuní nasjonalpark, Ecuador. Brunryggmaursmett er ein nyleg skildra og lite kjent art som er vanskeleg å skilje frå andre artar i same slekta. Han vart først plassert i slekta Myrmotherula, seinare sett inn i Epinecrophylla.

Brunryggmaursmett er ca. 11 cm i lengd, kjønna er ulike i fjørdrakta: hannfuglen har brun overside, underside og andlet er gråleg, strupen svart og kvitflekkete. Fjørdrakta åt hofuglen har overside som hannen, men undersida er lys brun, strupen er lysare, nesten kvit, med svarte streker. Songen er kraftig, høgfrekvent.

Denne arten beitar i fleirartsflokkar, lågt i underskog.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre