Opna hovudmenyen

Jon Leirfall (7. oktober 189912. juni 1998) var ein norsk politikar (Bondepartiet og Senterpartiet) frå Hegra i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Han var utdanna sivilagronom frå NLH i 1924. Sekretær i Bondepartiet i perioden 1929-33. Leirfall var gardbrukar og stortingsrepresentant frå 1945 til 1969, men gjorde seg òg kjent som historieforteljar, målstrevar og forfattar. I heimbygda vart han kalla Jon Bertemma, av di han budde på garden Bertem[1].

Jon Leirfall
Jon Leirfall.jpg
Fødd7. oktober 1899
Hegra
Død12. juni 1998 (98 år)
Levanger
Statsborgar avNoreg
NasjonalitetNorsk
PartiSenterpartiet
YrkeGardbrukar, politikar, forfattar
Utdanna vedNoregs miljø- og biovitskaplege universitet
FarJohn Lerfald
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling

Jon Leirfall måtte under den andre verdskrigen flykte til Sverige saman med familien sin. Han skriv om opphaldet i Sverige i boka I storm og stille. Blad frå minneboka. Der fortel han mellom anna: «Hausten 1943 tok norsk militæropplæring og oppsetting av norske militæravdelingar i Sverige til. Dette er ei ganske fantastisk historie og eit klart brot på svensk nøytralitetspolitikk. Det strir mot all nøytralitet at ei krigførande makt får høve til å organisere militær verksemd mot ein fiende på nøytralt område.»

UtmerkingarEndra

BibliografiEndra

  • 1927 – Undersøkelser over driftsmessige forhold i jordbruket
  • 1930 – Håndbok for tillitsmenn
  • 1936 – Jordspørsmålet i Norge. Et ordskiftegrunnlag for bygdeungdommen
  • 1939 – Studieplan for jamstilling
  • 1960 – Nordkalottens transportspørsmål
  • 1960 – Det vestlandske jordbruket i frihandelsområdet
  • 1960 – Har dei små bruka ei framtid?
  • 1962 – Helleristningene i Hegra
  • 1968 – Liv og lagnad i Stjørdalsbygdene, 1. bind (3 delar)
  • 1969 – Steinvikholm. Borgen og byggherren
  • 1969 – Meierifesten. Sant og usant frå Trøndelag
  • 1970 – Stormaskina. Frå bygdelivet i gammeltida
  • 1970 – Så seier soga. Mykleting og Marialyst i Borte-Pers tid, med Eskeland og Hetland
  • 1971 – Soga om det store mannefallet
  • 1972 – Soga om Tryggves fall, med Hetland
  • 1973 – Mangt eg minnes om ei tid som var
  • 1973 – Soga om Korvald Kyrre og den store hundestriden, med Hetland
  • 1975 – Soga om det store kvinneåret, med Hetland
  • 1976 – Vest i havet. Vesterhavsøyane gjennom tusen års norsk historie
  • 1977 – Bra folk. Profilar i det gamle bygdesamfunnet
  • 1978 – Soga om Oddvar Rådvill og Per Klipping, med Hetland
  • 1979 – Tusen år på Man. Sagaøya i Irskesjøen
  • 1981 – Sannferdige folk, med Hetland
  • 1983 – Hegra kirke. Kirke og menighet 1536–1783–1983
  • 1984 – Ute og heime
  • 1984 – Soga om ølet fra Drafn, med Hetland
  • 1986 – Old times in Norway
  • 1989 – I storm og stille. Blad frå minneboka

ReferansarEndra

  1. Leirfall, J., Mangt eg minnes om ei tid som var, Det norske samlaget, 1973.

BakgrunnsstoffEndra