Jon Line

Jon Jonsson Line (27. desember 18621949) var ein norsk bonde og skribent frå Time i Rogaland.

Jon Line
Fødd 27. desember 1862
Død

1949 (86 år)

Yrke skribent

Line tok seminareksamen på Stord i 1885 og var så lærar nokre få år. Deretter arbeidde han ei tid i avisa Stavangeren, før han var redaksjonssekretær i avisa Nordmanden. Sidan dreiv han farsgarden Line i Time.

Line gav i 1888 ut Unge år. Forteljingar av JadarbuenMons Litleré sitt forlag i Bergen. I åra etterpå kom han ut med nokre mindre verk på bokmål, før han i 1892 gav ut ein biografi om mangesyslaren Mauritz Kartevold. Langt seinare fekk Line prenta to diktsamlingar; Gonge-vegar i 1927 og Elsk og draum i 1935. Line skreiv artiklar i mange aviser og tidsskrift, mellom anna om sitt samvær med forfattarane Arne Garborg og Alexander L. Kielland.

Han levde ugift.

KjelderEndra